Vi meiner: Må halde trøkket oppe i E39-saka

Baste Tveito i Nordhordland Næringslag er heilt klar på at Nyborgtunnelen bør alle gløyme. No handlar det berre om ny veg i samband med Ringveg Aust.

Baste Tveito i Nordhordland Næringslag er heilt klar på at Nyborgtunnelen bør alle gløyme. No handlar det berre om ny veg i samband med Ringveg Aust. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarBaste Tveito og Nordhordland Næringslag er på offensiven i E39-saka. Måndag arrangerte næringslaget i samarbeid med Nordhordland Rotaryklubb eit vegmøte i Dampen. Der hadde dei henta inn dei to tidlegare vegtoppane Josef Martinsen og Olav Søfteland, samt tidlegare Meland-ordførar Johannes H. Fosse, som var ein sentral skikkelse i politikken lokalt då ein fekk på plass fleire av bruforbindelsane i Nordhordland. Formålet med møtet var å lære korleis ein jobba den gong for å vinne fram med samferdsleprosjekta, og då spesielt Nordhordlandsbrua. Sjølvsagt for å mobilisere alle krefter i regionen i kampen om ny E39-trasé mellom Klauvaneset og Vågsbotn.

Trioen som var henta inn hadde mykje interessant å fortelle, og møtet var veldig interessant for alle som er opptatt av samferdsle og politikken rundt korleis store prosjekt blir til. Kor mykje lenger ein kjem med E39-saka av eit slikt møte kan sjølvsagt diskuterast, men vi meiner det er heilt riktig at næringslaget og rotaryklubben set fokus på saka. Dette er heller ikkje nytt, men Baste Tveito er fersk leiar i næringslaget og går i gang med liv og lyst. Ein slik pådrivar treng Nordhordland-regionen i denne saka. 

Tveito har brukt mykje av sine første månader i jobben på å sette seg inn i samferdslepolitikk og korleis dagens E39-prosjekt står. Han er heilt klar på at Nyborgtunnelen bør alle gløyme. No handlar det berre om ny veg i samband med Ringveg Aust. Val av trasé og prislapp meiner han også er underordna.

Vi har skrive ei rekkje leiarar om denne ni kilometer lange problemstrekninga, og dette blir nok ikkje den siste. I denne saka er vi heilt på linje med næringslaget. Det er viktig å halde trøkket oppe framover, og ny E39-trasé må vere den aller viktigaste samferdslesaka for heile regionen. Det betyr ikkje at ikkje Masfjordbrua, ny Alversundbru og generell opprusting av fylkesvegnettet er viktig, men skal Nordhordland halde fram den positive utviklinga ein har hatt i seinare år er ein heilt avhengig av ei fungerande hovudpulsåre. Det har vi ikkje no.

Faktum er at folkeveksten regionen har hatt i seinare år har bremsa. Det er ikkje ei heldig utvikling på nokon måte. Difor treng vi at næringslaget går i bresjen og kjempar denne kampen. Vi vil difor gje ros til Tveito, Nordhordland Næringslag og Nordhordland Rotaryklubb som løftar opp saka og det på ein måte som engasjerer både folk og lokale politikarar. Det tok 30 år før vi fekk Nordhordlandsbrua. Nyborgtunnelen har ein kjempa for i fleire tiår utan å komme nokon veg. Men det betyr ikkje at vi skal måtte kjempe 30 nye år for ein ny E39-trasé. Så vil det også komme eit delikat spørsmål om korleis dette skal finansierast. Smertegrensa for kva nordhordlendingane skal betale i bompengar vil vere farleg nærme med Nordhordlandspakken og ny bompassering i Åsane frå nyttår.

Artikkeltags