– Dugnadsgjengen bak Storset Opp har verkeleg fått det til

Storset Opp

Storset Opp Foto:

DEL

LeiarMotbakkeløp poppar opp på stadig fleire fjelltoppar, og konkurransen mellom arrangørane har hardna til i seinare år. Det er difor ikkje lenger gitt at løpa blir ein suksess og får nok deltaking til at dei overlever.

Søndag såg eit nytt motbakkeløp dagens lys, då vart Storset Opp i Lindås arrangert for første gong. Med ei løype på 2,9 kilometer og 200 meters høgdeforskjell mellom start og mål er løpet verken blant dei lengste eller hardaste som finst av motbakkeløp, men det treng nødvendigvis ikkje spele noko rolle for populariteten.

Bildeserie

Storset Opp

Storset Opp

For dugnadsgjengen bak Storset Opp har verkeleg fått det til. Rundt 350 deltakarar i debutåret, vitnar om eit arrangement som har truffe målgruppa si godt. Med start på den historiske kaien i Bjørsvik og målgang på garden til Bente Merethe og Helge Færø, der det var musikk, kiosk og folkefest, ser det ut som eldsjelene har funne eit skikkeleg godt konsept.

Allereie no er dei klare på at dei ønsker å gjenta suksessen neste år, og det håpar vi dei gjer.

Så var det sjølvsagt inga ulempe at vêrgudane til dei grader spelte på lag denne helga. Det har nok bidratt til ein del ekstra deltakarar. Men løpet hadde ikkje blitt den folkefesten det blei utan ein solid dugnadsinnsats av mange eldsjeler. Så mange har bidratt på ein eller annan måte, at vi trur det er tryggast å ikkje nemne andre enn Færø-ane som opna garden sin...

Allereie no er dei klare på at dei ønsker å gjenta suksessen neste år, og det håpar vi dei gjer. Motbakkeløping er sunt både for kropp og sjel. Og det aller beste med denne forma for løp er at alle er vinnarar når dei kjem opp og får nyte den flotte naturen som omkransar oss.

Desverre hadde ikkje vi anledning sjølve til å vere tilstades under årrets arrangemnt, men også på det området har arrangøren gjort ein solid jobb med å sende inn tekst og bilder til oss. Her er vi ærlege på at vi ikkje har kapasitet til å rekke over alle arrangement vi gjerne skulle vore tilstades på. Vi er difor avhengig av hjelp frå arrangørane.

Vi oppfordrar difor idrettslag, korps og alle andre frivillige lag- og organisasjonar om å sende inn tekst og foto frå små og store arrangement der vi ikkje har anledning til å vere tilstades. Vi trur dei fleste lag og organisasjonar har nokon som kan gjere dette i dag. Kvaliteten på mobilkamera er også så god at ein ikkje treng dyrt fotoutstyr. Vi håpar difor fleire gjer som arrangørane bak Storset Opp. Diskuter det gjerne i ditt lag, og etabler mediekontakt som ei av oppgåvene. Vi stiller spalteplass til disposisjon så langt som råd.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags