Vraka må fjernast

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarI avisa førre veke kunne du lesa om Lindås og Meland brannvern som stadig må rykka ut til meldingar om oljesøl frå dumpa båtvrak. Det er sjølvsagt på sin plass at brannvesenet tar meldingar om ureining av miljøet på alvor, og brukar ressursar på å rydda opp etter uhell, ulykker og andre formar for plutseleg, akutt ureining.

Men at våre brannfolk skal bruka si tid og ressursar på stadige og ofte unødvendige utrykkingar til dei same båtvraka, er ein situasjon som burde vore unngått. Lindås og Meland brann og redning har viktigare ting å bruka sine ressursar på enn å rydda opp etter ansvarslause båteigarar som ikkje vil kvitta seg med utrangerte båtar på høveleg vis.

Førre veke måtte dei rykka ut til to ulike båtvrak etter meldingar om oljesøl, både ved Lindåsslusene og i Eknesvågen. Dette er tredje gongen dei rykker ut til vraket ved Lindåsslusene.

Problemet med desse båtvraka er at det er ingen som vil ta ansvar for dei. Brannvesenet har sine budsjett for å handtere akutte hendingar, ikkje som renovasjonsvesen for gamle vrak.

Eigaren av vraket har eit sjølvsagt ansvar for å kvitta seg med båten på lovleg og miljømessig vis, men som oftast er det vanskeleg å identifisera kven som eig vraka.

I følge Nils Medaas i Lindås og Meland brannvern, er ansvaret kommunen har uavklara.

– Dei snakkar og snakkar, men det vert ikkje noka handling. Dermed held folk fram med å kaste frå seg, seier Medaas frustrert til Avisa Nordhordland.

Vrak langs kysten som ingen vil ta ansvaret for er ikkje eit ukjent problem, korkje her i Nordhordland eller i resten av landet. Skrekkeksempelet i vårt nærområde er sjølvsagt ubåten ved Fedje, som vert diskutert fram og tilbake utan at det vert tatt ei endeleg avgjerd.

Konsekvensane av båtvraka i Lindåsslusene og Eknesvågen er sjølvsagt i ein heilt annan ende av skalaen, men etter gjentekne meldingar, utrykkingar og ressursbruk er det på tide å få gjort noko. Kommunen bør få fjerna desse vraka medan dei endå kan fjernast og dermed få sett ein stoppar for unødig ureining og unødig bruk av brannvesenet sine ressursar.

Kommunen bør få fjerna desse vraka medan dei endå kan fjernast

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags