Ny kamp for tannklinikk

Tannhelsa er eit fylkeskommunalt ansvar, og Radøy har i dag ein velfungerande klinikk på Manger som ein ikkje ser grunn til å legge ned. Illustrasjonsfoto.

Tannhelsa er eit fylkeskommunalt ansvar, og Radøy har i dag ein velfungerande klinikk på Manger som ein ikkje ser grunn til å legge ned. Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Leiar

I mars 2016 vedtok fylkestinget ein tannklinikkplan for Hordaland fram til 2030. Den gong vart tannklinikkane på Fedje, i Masfjorden, Modalen og Granvin lagt ned, medan klinikken på Frekhaug vart vedtatt å legge ned og flytte inn i det nye Helsehuset i Knarvik når det står klart. Austrheim, som i dag ikkje har tannklinikk, er lova ny klinikk når nybygget til Austrheim vidaregåande skule blir bygd og då skal også Lindås tannklinikk flyttast hit. Tannklinikken på Manger vart berga i forrige runde, men i vedtaket vart det samtidig opna for at at ein del klinikkar kan vurderast på nytt når ny kommunestruktur og oppgåvefordeling er avklart. Det er der fylkestannlegen meiner vi er no.

Det er godt kjent at Hordaland fylkeskommune har ein svært anstrengt økonomi, dette vart seinast understreka av fylkesrådmannen då han gjekk ut med fjorårets driftsresultat. Når vi også veit at diskusjonar om «strukturar» som regel handlar om nedlegging og nedbygging er det grunn til å stoppe opp. Sjølv om nedlegging hittil berre er til vurdering, verkar det klart kva som er intensjonen til fylkestannlegen. Det er no fem tannklinikkar i fylket som blir vurdert lagt ned. I tillegg til Manger er Ulvik, Lofthus, Rosendal og Langevåg i faresona. For Manger sin del meiner fylkestannlegen det må byggast nytt dersom Manger-klinikken skal ha ei framtid. Slik argumentasjon kjenner vi frå mange andre felt når det handlar om nedlegging. Det blir hevda at ein ikkje tilfredsstiller krav til bygg og fagmiljø, og dersom investeringane då er for dyre blir nedlegging ofte resultatat.

Radøy kommune jobbar no med ein uttale til planen. Saka var oppe i formannskapet 15. mars, og der var politikarane samstemt i at dette er noko ein kjempar i mot. Politikarane fryktar naturlegvis for å miste tannhelsetilbodet. Samtidig ser dei heller ikkje gevinsten i forslaget frå fylkestannlegen. Dei meiner det er dårleg samunnsøkonomi å transportere pasientane til Knarvik, og meiner også at det er dei mest sårbare gruppene ei nedlegging vil ramme. Kommunen har fått eit brev frå departementet via fylkesmannen om at det kan vere mogleg å bli med i ei prøveordning der tannklinikkar blir overført til kommunane. Politikarane avviser ikkje ein slik modell, men ser heller ingen grunn til å juble. Tannhelsa er eit fylkeskommunalt ansvar, og Radøy har i dag ein velfungerande klinikk på Manger som ein ikkje ser grunn til å legge ned. Her ligg det an til politisk kamp framover og mykje debatt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags