Nok ei helg har vi feira korpsjubileum i Nordhordland. Denne gongen var det Meland Musikklag som feira ikkje mindre enn 100 år som korps. Snakk om milepæl! Det er dei færraste forunt å bli 100 år, og at det framleis er liv i trompeten etter hundre år er kort og godt imponerande.

Helga før hadde vi to store korpsjubileum. Då var det Manger Skulemusikklag og Knarvik Skulekorps som feira runde dagar. Dei er riktig nok ikkje på langt nær så oppe i åra som Meland Musikklag. Manger har 50 års fartstid, medan Knarvik er oppe i 40 års eksistens. Ikkje ein gong til saman er dei like gamle som jubilanten frå Meland. Folket i Nordhordland må vera i noregstoppen på frivilligheit, og korpsrøyrsla er som vi alle veit blant dei sterkaste aktørane i kulturlivet vårt.

Då Statoil Mongstad feira 40 års-jubileum i Grieghallen for halvanna veke sidan sto faktisk Eikanger-Bjørsvik og Manger Musikklag på samme scene i avslutningsnummeret. Dette er eit sjeldant syn. Ein lesar meinte dette ikkje hadde skjedd sidan slutten av 1970-talet! Det var då det slo oss; burde ikkje det skjedd oftare? Det vart jo ikkje akkurat unotar av at dei gjekk saman.

Med tanke på både den vanvittige breidda og kvaliteten til dei beste, burde kanskje korpsmiljøa i regionen vår tenkja nytt og endå større. Kva med å gå saman og etablera ein større korpsfestival? Samla alle korpsa i heile Nordhordland og laga ein heidundrande blåsefest?

Det er sjølvsagt utfordringar knytt til eit slikt forslag. Korpsa er heilt avhengig av alle eldsjelene som alltid stiller opp på dugnad, og det er eit faktum at det er lettast å få folk til å stille opp for sitt korps i eige nærmiljø. Her er også avgrensa med lokalitetar til ein slik festival, i alle fall om den skal vera innandørs.

Kva med å gå saman og etablera ein større korpsfestival? Samla alle korpsa i heile Nordhordland og laga ein heidundrande blåsefest?

Trond Roger Nydal, redaktør i Avisa Nordhordland

 

Vi har desverre enno ikkje eit kulturhus i Nordhordland. Nordhordlandshallen er den med størst kapasitet, men ein skal ikkje spela i korps for å forstå at akustikken der ikkje er ideell. Storstova på Nordhordland Folkehøgskule blir sjølvsagt for lita.

Men dette må ikkje berre handla om akustikk og sjølve musikken. Ein festival bør famna breiare og innehalda andre arrangement og fleire typar musikk. Eit alternativ kan vera å arrangera utandørs sommarstid. Viss ikkje kan ein då tenkja endå større: Skaffa tilgang til Grieghallen og laga ein heidundrandes korpsfest i by'n. Avisa Nordhordland lovar i alle fall å dekka den.