Regionreforma: Namnevalet bør ut på høyring

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarRegionreforma, som inneber at landet vil gå frå 19 til 11 fylke i 2020, har vore eit prestisjeprosjekt for regjeringa. Og hittil har regjeringa langt på veg fått det som den har ønska. 15 fylke har frivillig valt å slå seg saman til sju. Dette har skjedd på demokratisk vis der politikarane har forhandla og inngått intensjonsavtalar på tvers av fylkesgrensene.

Her i vest endte prosessen som kjent med at Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman. Møre og Romsdal og Rogaland, som også hadde vore naturleg å ha med i ein ny stor Vestlandsregion, har valt å stå på utsida. For dei som drøymde om ein stor og slagkraftig vestlandsregion var ikkje det meininga at to av fire fylke skulle stå utanfor.   

Dermed blei det også straks vanskelegare med namn. Her har fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane desverre klussa det skikkeleg til. Først gjekk dei for «Vestlandet». Etter mykje støy vart det nyleg eit kompromissforslag om «Vestland». Vi må innrømme at vi ikkje heilt klarer å sjå den store forskjellen på namna.

Problemet er det samme, og vi meiner begge namna blir feil på eit nytt fylke med Hordaland og Sogn og Fjordane. Årsaka er openberr. Namnet er misvisande. Heile landsdelen omfattar også Møre og Romsdal og Rogaland. Det er frekt og freidig av to fylke å velje eit namn som signaliserer at dei utgjer heile landsdelen. Dette skurrar både for folk flest og språkekspertar. Ein tuklar med identiteten til folk. Spesielt språkekspertane har vore kritiske. Misnøyen deira blei ikkje mindre då det vart kjent at regjeringa vil droppe høyringsrunden stikk i strid med det som er normalt i så omdiskuterte saker.

Uansett om det ikkje finst eit opplagt namnealternativ, bør saka i alle fall på høyring før det blir velsigna av Stortinget. Noregs Mållag krev dette etter helgas landsmøte. Vi støttar dei fullt og heilt, men om kravet blir følgt er heller tvilsomt. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags