Gratulerer med 100 år!

Meland Helselag 100 år jubileum

Meland Helselag 100 år jubileum Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarDet er få som får oppleve å feire 100-årsdagar. Men det var nettopp det Meland helselag gjorde søndag. Då hadde helselaget ei større feiring i musikkhallen på Holme.

Helselaget til Meland fortener verkeleg ei feiring. No er Meland på langt nær åleine om å ha helselag i kommunen, men når eit frivilleg lag har halde det gåande i hundre år er ein fest eit minimum.

LES OGSÅ: Helselaget fekk på plass kommunens første sjukepleiar – No feirar dei 100 år

I dagens Norge har vi alle ei forventning om at det er det offentlege - anten stat eller kommune, som stiller opp når vi treng helsehjelp. Men slik var det ikkje før. Vi treng berre gå ein generasjon tilbake før det var heilt andre tilstandar. Før vi fekk offentlege helsetenester som vi kjenner det i dag var det denne typen frivillige organisasjonar ein i stor grad måtte lite på.

Meland helselag starta med eit møte på Frekhaug i 1917. Då var målet å etablere eit sjukepleielag i det som var Meland og Alversund kommune. For «å avvergje og lindre sjukdom gjennom å spreie informajson om folkehelse, og gje sjuke godt stell».

Helselaget fekk på plass den første sjukesøstera i kommunen, og det var også tidleg jobba for å få på plass sjukeheim eller gamleheim.

LES OGSÅ: Ei historisk framføring frå Seim-songarane

Det var faktisk menn med å starte opp laget, men både i Meland og andre helselag er det først og fremst kvinnene som har gjort jobben. Dei har lagt ned ein formidabel innsats - til stor nytte for det offentlege.

Trass sine 100 år er Meland Helselag framleis i god vigør. Og dei har ingen planar om å trekke inn årene. Av tilbod dei driv i dag, kan vi nemne fotpleie, dataklubb for pensjonistar, ope hus på eldresenteret, trim, seniordans, pensjonistkor, symjing og småbarnstreff. Eit av dei siste tilboda dei har sett i gang er handlehjelp for eldre.

LES OGSÅ: Kulturminnetreff på Kartveit

Det er mykje snakk om eldrebølge. Med tanke på den blir det viktigare enn nokon gong å sjå på dagens eldre som ein ressurs. Dagens eldre lever lenger og har betre helse. Dei må difor ikkje avskrivast som gamle og pleietrengande. Dei må få vere ein ressurs så lenge dei har lyst. Det er mange kommunar som hadde vore fattige hadde det ikkje vore for dei frivillige laga av denne typen.

Vi håper feiringa søndag var ein suksess. Denne leiaren og litt medieomtale er berre ei lita takk for den jobben de gjer. Tusen takk for all innsatsen i 100 år!

Artikkeltags