Legg dagsturhytta til Øksneset: - Vi må satse der folk bur!

Nordø meiner det beste er å plassere ei dagsturhytte i Øksneset.

Nordø meiner det beste er å plassere ei dagsturhytte i Øksneset. Foto:

Av

Austrheim kommune har fått tilbod om dagsturhytte.  Hytta bør plasserast i Øksneset, anten i Øksnesmarka eller i BOF sitt friområde på Øksneset.  Kvifor?

DEL

MeiningarAlver kommune skal byggja tre dagsturhytter, ein i kvar av dei gamle kommunane. Målet til Alver er at hyttene ikkje skal liggja for langt unna dei tidlegare kommunesentra og skulane. Slik planlegg òg Masfjorden.

I oktober 2019 opna Gulen kommune si dagsturhytte, Gulakvila. Hytta ligg 150 moh med flott utsikt mot øyriket i sør og havet i vest. Det tek 30-45 minutt å gå frå kommunehuset til Gulakvila.

I Austrheim bør vi tenkja på same måten som Lindås, Masfjorden og Gulen. Hytta bør vera tilgjengeleg for skule og folk flest, ho kan gjerne liggja på eit utsiktspunkt og området hytta er plassert i, bør ha naturmessige opplevingsverdiar og gje naturglede.

Då peiker Øksnesmarka eller Øksneset seg ut. Frå kommune- og skulesenteret i Mastrevik tek det om lag 60 minutt på tilrettelagt sti gjennom Øksnesmarka til flotte utsiktspunkt på Hammarsnuten og Stølshaugen, frå parkeringsplassen på Øksneset om lag 30 minutt. Nær utsiktspuntka kan ein plassera dagsturhytta fritt og fint. Eit alternativ kan vera i nærleiken av gapahuken på Rebnor.

Eit anna alternativ er BOF sitt friområde på Øksneset, tilrettelagt med bade- og fiskeplassar og universelt utforma. Området er mykje nytta til sjøsport. Ei hytte her vil leggja til rette for dei som av ulike grunnar ikkje er så mobile. Samstundes kan skulane, bygdefolk og tilreisande velja mellom korte og lengre dagsturar på stiane i Øksnesmarka, anten dei vil starta i Mastrevik eller frå dagsturhytta på Øksneset.

I protokollen frå formannskapet 23.01.20 står det å lesa: «Morten Sognnes (H) sa at ein må få plass hytta på Vardetangen, der det ligg til rette med fiskeplassar med meir. Vardetangen er framsida for kommunen.»

Alle ære til kommunen og folket på Fonnes for det flotte friområdet som er opparbeidd på Vardetangen, men no er det på tide å satsa også i den delen av Austrheim der skulesenteret ligg og folk flest bur. Dessutan skal hytta leggja til rette for dagsturar; vera ei dagsturhytte. Då vil Øksneset og Øksnesmarka vera gode framtidsretta val både for friluftsliv og folkehelse.

Artikkeltags