Legeforeininga førebur streik over heile landet

Knarvik Legevakt.

Knarvik Legevakt. Foto:

Av

Medan partane i kommuneoppgjeret vart samde natt til torsdag, kan det bli legestreik over heile landet frå 26. oktober etter brotet i legemeklinga.

DEL

– Dette har vore ei svært krevjande mekling. Vi har strokke oss langt for å finne ei mogleg løysing, men klarte dessverre ikkje å bli samde med KS om eit resultat, seier president Marit Hermansen i Legeforeininga om brotet i forhandlinga om særavtalen.

Den regulerer legevakt, samfunnsmedisin og arbeidsforhold for nyutdanna legar. Brotet mellom Legeforeningen/Akademikerne og KS kan ramme kommunale legevakter i heile landet i vekene framover.

Semje i kommuneoppgjeret

Meklinga var den einaste som stod att i kommuneoppgjeret etter at Akademikerne som einaste samanslutning braut forhandlingane i september.

KS og forhandlingssamanslutninga Akademikerne kommune sa ja til løysingsforslaget frå Riksmeklaren, medan Legeforeningen, som er med i Akademikerne, altså avslo forslaget.

Akademikerne fekk mellom anna gjennomslag for full lokal lønnsdanning for lektorane, og den økonomiske ramma for lektorane er på nivå med frontfagsoppgjeret.

Kvar av Akademikernes medlemsforeiningar må ta stilling til meklingsresultatet innan 23. oktober, medan Legeforeningen planlegg for ein streik frå 26. oktober. Det er ikkje kjent kor mange som blir tekne ut i eit første streikeuttak.

– Vi vil sjølvsagt gjere alt vi kan for å skjerme pasientane. Streiken vil ikkje setje liv og helse i fare. Dette er særleg viktig med tanke på pandemien, slår Hermansen fast.

For stor arbeidsbelasting

Legeforeningen meiner arbeidsbelastninga for fastlegane blir for stor når legevaktene kjem på toppen av den normale arbeidstida, og utan at legen kan setje nokon grenser for kor mange vakter ein kan påleggjast.

KS svarer at heile systemet er bygd på at fastlegar skal gå legevakt og at det hadde sett heile legevaktordninga i spel dersom legane sjølv skal kunne avgjere kor mykje han eller ho skal gå legevakt.

– Det er beklageleg og skuffande at Legeforeningen ikkje ville vere med på løysinga, seier arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø, som er forhandlingsleiar for KS.

Beklagar brot

Allmennlegeforeningen seier KS ikkje ville godta «nødvendige tiltak for å sikre våre medlemmer vern mot uavgrensa arbeid på legevakt».

– Vi kunne derfor ikkje akseptere meklingsresultatet, seier leiar Nils Kristian Klev.

Det viktigaste kravet frå Legeforeningen har vore at den enkelte legen sjølv skal kunne avgjere kor mykje han eller ho skal gå legevakt, hevdar Gangsø.

– Vi har foreslått å få greidd ut om legane bør omfattast av dei same vernebestemmingar som andre tilsette i kommunen. Også dette har Legeforeningen avvist. Då må vi berre konstatere at Legeforeningen denne gongen har valt å seie nei til alle løysingar som har vore mogleg for KS å gå inn på. Det beklagar vi, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken