Ferjetrøbbel på E39 Oppedal-Lavik

MF Ampere som plar gå mellom Lavik og Oppedal er ute av drift måndag.

MF Ampere som plar gå mellom Lavik og Oppedal er ute av drift måndag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Måndag føremiddag klokka 10.37 opplyste Vegtrafikksentralen Vest om redusert kapasitet på ferjestrekninga Oppdal-Lavik.

Dette skuldast at ei av ferjene har problem og er innstilt.

– Vi har problem med høg temperatur på kjølevatnet på MF Ampere, men reknar med å vere i gang igjen om eit par timar, fortel regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker klokka 10.50 måndag føremiddag.

Klokka 12.34 opplyste Norled at det igjen var ordinær drift på sambandet. Rute B starta opp att å gå frå klokka 12.40.

Artikkeltags