(BA): Fredag klokka 06.48 fekk naudetatene melding om ei trafikkulykke på Kårbø på fylkesveg 5318 i Meland kommune.
– Ein lastebil køyrde av vegen og velta over på førarsida og blei liggande, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Føraren, ein 19 år gammal mann, var åleine i køyretøyet, og kom seg ut på eiga hand.
Vedkommende blødde frå eit kutt i hovudet, men hadde ikkje behov for ambulanse. Han oppsøker legevakta sjølv, ifølge politiet.
– Hendingsforløpet er foreløpig uklart, seier Kolltveit i politiet.
Vegtrafikksentralen opplyser til BA at det har kome meldingar om glatt veg på staden.
Ein kranbil må fjerne lastebilen.