Torsdag kunngjorde Masfjorden kommune at dei har nominert to masfjordingar til årets Draumestipend. Lars Rognald Midtgård Matre (23) og Sebastian Brown (19) er dei to heldige som er blant 800 andre søkjarar i landet.

Det er ein overraska 23-åring som tek telefonen når Avisa Nordhordland ringer.

– Oi, det er veldig hyggeleg å høyre, seier Lars Rognald Midtgård Matre frå Matre.

Han har drive med musikk store delar av livet, og har ei særleg stor interesse for gitar, piano og song.

– Eg kjem frå ein musikalsk familie, så song og dans har vore ein stor del av meg sidan eg var liten. Etter kvart har eg blitt meir og meir interessert i å drive med det på eiga hand, seier Midtgård Matre.

– Ikkje gratis med instrument

Draumestipendet, som er eit samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping, er eit stipend for kunst- og kulturutøvande ungdom mellom 18 og 25 år. 50 ungdommar blir til slutt valt ut av ein jury, og får 30.000 kroner kvar.

Om Midtgård Matre skulle vere så heldig å få tildelt storstipendet, ville han først og fremst gått til innkjøp av ein ny akustisk gitar.

– Då kunne eg variert litt mellom fleire gitarar og hatt fleire strenger å spele på. Det er ikkje akkurat gratis med instrument, seier han spøkefullt.

For tida er 23-åringen busett i Bergen, der han studerer sjukepleie. På fritida likar han blant anna å spele i band med venegjengen.

I tillegg til å utvide gitarsamlinga, har han også ein draum om å ta opp arven etter Kraftspela og skape ein etterlengta kulturfestival i heimbygda igjen.

Ein arena for både små og store

Kraftspela var lenge ein folkefest på Matre i Masfjorden kommune. Etter at festivalen gjekk med ein halv million kroner i underskot i 2014, måtte kommunen sjå seg nøydde til å avvikle bookingar av dei store artistane.

Midtgård Matre synest det er på tide at det snart kjem ein ny kulturfestival til heimbygda, og kunne gjerne tenke seg å ta del i eit slikt arrangement.

– Kraftspela var eit høgdepunkt og ein viktig arena for både kjende artistar og for oss amatørar og unge som er glad i musikk. Der kunne ein få sjansen til å spele på ei skikkeleg scene framfor folk.

Han og familien pleidde å invitere til open gard under festivalen, der folk kunne få seg mat, helse på dyra, og spele musikk saman.

– Det vart litt småkonsertar med oss barna, seier Midtgård Matre.

– Mangfald er bra

– Eg har veldig sansen for å la unge folk med drøymer få lov til å ha ein arena der dei blir sett.

Masfjordingen er likevel klar over at eit slikt arrangement ikkje er berre berre å få til.

– Det er eit stort ansvar å vere arrangør, og om det skal vere på same nivå som Kraftspela så er det avhengig av eit stort støtteapparat. Men eg kunne likt å vere arrangør om ein hadde starta med ein liten variant ein sommar, med scene utandørs, seier han.

Skulle han ha arrangert ein kulturfestival, ville han ha latt alle sjangrar og stilar komme til.

– Mangfald er bra. Det er viktig å la folk vise fram det dei driv med og få fram ulikskapane.

Framover står att det å sjå kven som stikk av med det store stipendet.

– Om eg fekk stipendet så ville det gitt meg ein ny motivasjon til å halde fram med det eg driv med. Det hadde gitt meg moglegheita til å prioritere musikken meir, seier Midtgård Matre.