Draumen er å få ta selfie med Petter Northug

KOSAR SEG: Bente, Frida, Sofie og Magne Halland kosar seg på ski VM i Falun. FOTO: Privat

KOSAR SEG: Bente, Frida, Sofie og Magne Halland kosar seg på ski VM i Falun. FOTO: Privat

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MASFJORDEN: Sofie Halland er over gjennomsnittet sports-interessert, og brukar vinterferien i Falun, der ho håpar på ein «selfie» med sjølvaste Petter Northug.

DEL

Sofie tek selfies i Falun:– Det er heilt fantastisk god stemning, og vi kosar oss kjempemasse, seier Sofie (15) frå Masfjorden.

Vinterferie

Sofie og veslesøster Frida er i Sverige og får med seg ski VM, saman med mor og far, Bente Dagny Holmaas Halland og Magne Halland.
– Stemmer det at du er Norges ivrigaste supporter?
–Ja, klart det, seier ho på telefon frå Falun.
Når Nh snakkar med familien er dei framleis på plass i løypa.
– Vi er her no, det er god stemning, fortel ho.

Håpar å sjå Northug

Sofie går rundt med ein svær parykk, noko som skapte merksemd blant anna hos VGTV. På Facebook vert no videosnutten av familien delt. Her kan ein sjå at Sofie har «selfiestang» og tek bilde av det som skjer rundt seg.
– Eg kunne tenkt meg ein «selfie» saman med Petter Northug eller Marit Bjørgen, seier ho.
– Dei er liksom heltane då.

Sportsgalen

Masfjordjenta er litt over gjennomsnittet glad i sport.
– På ein skala frå 1 til 10, kor glad er du i sport?
– Cirka 100 i i alle fall, svarar ho kjapt, og fortel at ho mellom anna var i Holmenkollen på 5 mila i 2013.
– Det er kjekt å vera med, seier ho. Sjølv spelar ho fotball og volleyball, og elskar å sjå skisport.
 

Høgdepunktet

– Kva er høgdepunktet frå denne turen?
– Det må vera då eg trefte Odd-Bjørn Hjelmeset. Vi snakka om det å vera her, og at det er så mange flotte nordmenn her. Og om hopp, og sånn. Det var koseleg det.

Artikkeltags