Klart for nytt Norhordlands-meisterskap på ski

Skiskyttarstafett: Arrangørane gjentek suksessen frå 2013 med skiskyting. Søndag er det skiskyttarstafett for liten og stor,Arkivfoto: Morten Sæle

Skiskyttarstafett: Arrangørane gjentek suksessen frå 2013 med skiskyting. Søndag er det skiskyttarstafett for liten og stor,Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Til helga vert det Nordhordlandsmeisterskap på ski på Gamlesetra.

DEL

Lørdag er det vanleg distanserenn med distansar frå 500 meter og opp til 10 km alt etter alder. Løpa går i fristil som betyr at ein kan velja om ein vil skøyta eller gå klassisk på distansane.

Arrangørane gjentek suksessen frå 2013 med skiskyting. Søndag er det skiskyttarstafett for liten og stor, med tre løparar på kvart lag. Det vert skyting på blink med tennisball, og ein får strafferunde ved bom.

– Dette var stor suksess under forrige NM i 2013 og det er berre å vera med for idrettslag, bygdelag, vennelag og organisasjoner, seier Atle Austrheim i Nordhordland skiklubb.

– Dette blir sosialt og gøy!

Han melder om gode tilhøve på Gamlesetra, og seier skiinteressen blomstrar.

– Skiinterressa er der og sikkert enda meir no etter VM-suksessen til mellom anna Northug og Johaug, seier han.

Artikkeltags