– Her er vår første annonse, frå då butikken opna for 30 år sidan, seier Siren Langenes.

Då Avisa Nordhordland var innom for nokre dagar sidan, leita ho fram ei gamal avis frå arkiva på kontoret og viste fram annonsen.

No har dei også annonsar ute i avisene, men desse fortel at butikken skal leggast ned og at varene er på sal.

Har prøvd å snu utviklinga

Helge Langenes starta Langenes bygg i 1972 saman med Kirsten Langenes, og dreiv frå heimen på Langenes nær Feste, der Siren og Vidar Langenes er oppvaksen.

I 1991 i opna dei byggevareforretninga i Knarvik og sidan har dei selt trelast, verktøy og måling til nordhordlendingar som skal ordne til heime.

Men den siste tida har det gått tråare for butikken.

– Vi har sett det komme ei stund og prøvd ulike tiltak, men til sjuande og sist må det vere liv laga.

Tre personar mistar jobben

Strilen skreiv onsdag om butikken, som vil halde ope fram til nyttår.

Etter det, er det over, også for dei tre tilsette i byggevareforhandlaren.

– Dessverre har vi folk som må gå, dei har oppsigelsestid og vi vil halde fram til den er ute.

Handelen i butikken har minka dei siste åra, og Vidar trur han veit mykje av grunnen til dette.

– Vi merka ei endring då dei store kjedene byrja å komme på Haukås. Då merka vi ei nedgang i kundemassen. Vi blir for små til å konkurrere mot dei store, seier han og legg til:

– Det har vore ei langtidsvurdering dette. Det er ikkje kjekt, men på eit punkt må ein sjå på realiteten.

Store kjeder

Han snakkar om dei store kjedene som kan handle inn stort og samle mange fag under eitt tak.

– Vår styrke har vore at vi har hatt fagfolk her, slik at folk har kunne fått hjelp med byggtekniske ting. Men det hjelper ikkje når ein ikkje kan konkurrere.

– Ein må ha ein omsetnad som forsvarer at ein har folk som går her og arbeider

Familiebedrifta eig sjølv bygget i Kvassnesvegen, og dei planlegg å ta inn leigetakarar i lokala som no vil bli ledige.

Byggmeisterdelen vil uansett halde fram i huset og på byggeplassar rundt om i distriktet.

– Vi gjer mykje forskjellig arbeid, alt ifrå til å skifta vindauge, til prosjekt som til dømes bygginga av Seim skule. Vi har gjort mykje for kommunen, og har nok vore innom dei fleste skulane.

Bygglærlingar

Det er ni tilsette og ein lærling i denne delen av verksemda. Vidar var det første lærlingen i bedrifta i 1985, då han byrja å jobbe i lag med far sin. Sidan den gong har dei alltid hatt folk i lære.

– Det er viktig å gje dei unge ein sjanse, i tillegg er det ein bra måte å rekruttere fagfolk. Fem av dei som arbeider her teke fagbrev her hjå oss.

Sjølv om butikken no sel ut sine siste varer, har dei framleis trua på bedrifta, dei har vore med å bygge opp.

– No set vi opp tolv bueiningar i Åsane og vi vil halde fram som før. Det er klart det hadde vore kjekt å drive butikken vidare, men det må gå rundt også, seier Vidar, før søstera legg til:

– Når du har hatt den i tretti år, er det trist. For den har jo vore ein del av livet vårt.