Kapproing og folkefest

KAPPESTRID: Det vart til slutt Høgre med Morten Sognnes og Morten Hodnekvam som tok sigeren i politikarkapproinga, med ordførar Per Lerøy og Terje Håland frå Arbeidarpartiet som ein god nummer to.ALLE FOTO: Morten Sæle

KAPPESTRID: Det vart til slutt Høgre med Morten Sognnes og Morten Hodnekvam som tok sigeren i politikarkapproinga, med ordførar Per Lerøy og Terje Håland frå Arbeidarpartiet som ein god nummer to.ALLE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

AUSTRHEIM: Det var full kai på Fonnes då den tradisjonsrike «Fonnesdajen» vart arrangert i helga. I politikarduellen vart det til slutt Høgre som rodde sigeren i land.

DEL

Med robåt og årer som reiskap var det duka for vennleg kappestrid mellom politikarane lørdag. Ordførar Per Lerøy frå Arbeidarpartiet stilte kampklar saman med gruppeleiar Terje Håland, men hadde ikkje den store trua på siger på førehand.

LES OGSÅ: Forsvarte tittelen i «Ta sjansen»

– Eg har ingen erfaring med å ro. Vi fører så steikande god politikk at det er det ingen grunn til, seier Lerøy med eit smil før kapproinga.

– Det kjem sikkert til å gå dårleg, men vi har med oss ein god heiagjeng her, seier han.

Stø kurs

Til slutt vart det Høgre som vann med nokre båtlengder, trass i at dei nærast vart rent i senk ved runding.

– Vi rodde oss fint i land, det gjeld berre å halda stø kurs, seier Morten Sognnes, som hadde partifelle Morten Hodnekvam på laget.

LES OGSÅ: Fylket sin matattache let seg imponera på Austrheim: – Eit unikt engasjement

Fredag var det visekveld med Olav Stedje og Nakkasleng, med 250 selde billettar.

– Vi er svært nøgd med både oppmøtet og responsen. Vi hadde ein magisk kveld i sommarens første tropevarme! Snakk om flaks, seier Silje Andvik Hoaas i arbeidsgruppa for Dajen.

Båtbygging

Lørdag var det folkeliv og aktivitetar på kaien. For barna var det mellom anna spleisekurs og båtsnikring. Rikke (13) og Fabian (8) Ellingsen er to av dei som laga seg eigen båt.

– Det er kjekt å snikra båt. Dei minste bitane var litt vanskeleg, men elles var det gøy, seier Fabian, som vart mest nøgd med styrehuset.

– Eg har ikkje prøvd om den flyt enno, men eg trur den seglar fint, seier han, og legg til at dei skal heim og prøva båtane i andedammen.

– Den er overteken av vassløparar, vi gjekk tom for ender, seier Rikke, som fortel at dei har fått med seg mykje forskjellig på kaien.

– Vi har vore om bord i «Oster», vi har sett på fiskane og krabbene, og vi har klappa dyra, seier ho.

– Og så har vi smakt på hjorten, seier Fabian.

Artikkeltags