Her finn du oversikt over julegudstenestene i Nordhordland

I Knarvik kyrkje skal det blant anna haldast midnattsgudsteneste nyttårsaftan. Arkivfoto.

I Knarvik kyrkje skal det blant anna haldast midnattsgudsteneste nyttårsaftan. Arkivfoto.

DEL

Sjølve julaftan nærmar seg med stormskritt, og for mange er ein viktig del av den tradisjonsrike feiringa å gå i kyrkja. Her finn du ein oversikt over alle gudstenestene og juletrefestar i Nordhordlandskommunene i juletida.

Austrheim kommune:

Austrheim kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.30, ved Per Børge Hillestad. Skulemusikken deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp.
  • Julaftan klokka 16.00, ved Per Børge Hillestad. Solistar deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp.
  • 1. juledag klokka 12.00, ved Per Børge Hillestad. Offer til Det Norske Misjonsselskap.

Fedje kommune:

Fedje kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.30, ved Kåre Berge.
  • 2. juledag klokka 12.00, ved Per Børge Hillestad
  • 6. januar klokka 11.00 og 12.30 ved Idar Simonsen. Gudsteneste og julefest.

Gulen kommune:

Gulen sjukeheim:

  • Veslejulaftan klokka 11.00, ved Jens Linde. Adventsgudsteneste med nattverd.

Brekke bu- og omsorgssenter:

  • Veslejulaftan klokka 15.30, ved Jens Linde. Adventsgudsteneste med nattverd.

Mjømna kyrkje:

  • Julaftan klokka 11.00, ved Jens Linde. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Brekke kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.00, ved Jens Linde. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • Nyttårsaftan klokka 23.00, ved Jens Linde. Midnattsgudsteneste og takkoffer til Redd Barna.

Gulen Kyrkje:

  • Julaftan klokka 16.00, ved Jens Linde. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • 1. juledag klokka 12.00, ved Jens Linde. Takkoffer til Stefanusalliansen.

Byrknes bedehuskapell:

  • 2. juledag klokka 11.00, ved Jens Linde. Takkoffer til Stefanusalliansen.

Lindås kommune:

Veste Vassbygd grendahus:

  • Veslejulaftan klokka 11.00, ved Geir Øy. Jostein Hauge med familie deltek. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Alversund kyrkje:

  • Julaftan klokka 16.00, ved Magne Bjørndal. Pianist Rune Alver og Alversund Skulemusikkorps med solistar Nina Sofie Halvorsen og Sabina Fosse Hansen deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • Julaftan klokka 14.30, ved Magne Bjørndal. Pianist Rune Alver deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Knarvik kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.30, ved Torbjørn Sæle. Odd Leif Mjøs og Knarvik skulekorps deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • Julaftan klokka 16.00, ved Torbjørn Sæle. Odd Leif Mjøs, Astrid Aarhus Byrknes og Leif Hosøy Sleire deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • 1. juledag klokka 12.00, ved Geir Øy og Helge Taranrød. Det blir nattverd og søndagsskule. Trompetist Viljar Bjørsvik Rath og Alversund kammerkor deltek. Takkoffer til Det Norske Misjonsselskap.
  • Nyttårsaftan klokka 23, ved Torbjørn Sæle. Midnattsgudsteneste med bønevandring og nattverd. Takkoffer til Knarvik kyrkje.

Lygra kyrkje:

  • Julaftan klokka 14, ved Geir Øy. Seim Musikklag og Ann Jorunn Hillersøy deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Seim kyrkje:

  • Julaftan klokka 16, ved Geir Øy. Barnekorgruppe og Ann Jorunn Hillersøy deltek. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Masfjorden kommune:

Masfjorden sjukeheim:

  • Julaftan klokka 12.00, ved Tone Marit Dyrkolbotn.

Frøyset kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.00, ved Tone Marit Dyrkolbotn. Takkoffer til Blå Kors.

Solheim kyrkje:

  • Julaftan klokka 16.00, ved Tone Marit Dyrkolbotn. Takkoffer til Redd Barna.

Sandnes kyrkje:

  • 1. juledag klokka 12.00, ved Tone Marit Dyrkolbotn. Nattverd og takkoffer til Blå Kors.

Meland kommune:

Meland kyrkje:

  • Julaftan klokka 13.30, ved Helge Hitland. Sagstad skulekorps spelar, og det blir julespel. Takkoffer til Normisjon.
  • Julaftan klokka 15.00, ved Bjørn Tore Sæle. Rossland skulekorps spelar. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • Julaftan klokka 16.30, ved Bjørn Tore Sæle. Song av Barbro og Bertine Sulebakk. Takkoffer til HimalPartner.
  • 1. juledag klokka 12.00, ved Bjørn Tore Sæle. Det blir nattverd og innslag av trompetist Sondre Blom. Takkoffer til Det Norske Misjonsselskap.
  • 1. nyttårsdag klokka 12.00, ved Helge Hitland. Det blir nattverd og dans ved Siren Godø. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Radøy kommune:

Emigrantkyrkja:

  • Julaftan klokka 14.30, ved Thor Asbjørn Sommerseth. Med organist Frode Skag Storheim, og takkoffer til Kirkens SOS i Bjørgvin

Hordabø kyrkje:

  • Julaftan klokka 16.00, ved Thor Asbjørn Sommerseth. Med organist Frode Skag Storheim, og takkoffer til Kirkens Bymisjon.

Manger kyrkje:

  • Julaftan klokka 16.00, ved Hans Kenneth Sundsbø. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • 30. desember klokka 11.00, ved Thor Asbjørn Sommerseth.

Sæbø kyrkje:

  • Julaftan klokka 14.30, ved Hans Kenneth Sundsbø. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
  • 1. juledag klokka 12.00, ved Hans Kenneth Sundsbø. Takkoffer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.
  • 6. januar klokka 16.00. Juletrefest for familien.

Artikkeltags