Seks sokn blir til to - blir heitande Knarvik og Lindås

Frå og med 1. november 2019 vil seks sokn bli til to, like før kommunesamanslåinga.

Frå og med 1. november 2019 vil seks sokn bli til to, like før kommunesamanslåinga. Foto:

DEL

Etter det kyrkjelege fellesmøtet 23. oktober i år vart det klart at Lindås kyrkjelege fellesråd fatta vedtak om å slå saman fleire sokn i Lindås kommune.

Samrøystes vart det bestemt at Alversund, Lygra og Seim skal slåast saman, og i fellesskap heite Knarvik sokn frå og med 1. november 2019.

Det same gjeld sokna for Hundvin, Lindås og Myking, som frå same dato skal heite Lindås sokn.

Fellesrådet skriv at det sidan 2007 har vore ei målsetting å danne tre sokn i Lindås kommune, som kvar skulle ha sin administrasjon. Ostereidet og Vike vart i 2015 slått saman etter ein valperiode med felles sokneråd, medan Lygra same året intitierte til samanslåing med nettopp Alversund og Seim, utan at det vart noko av.

Det kjem også fram etter vedtaket at det kyrkjelege fellesrådet skildrar prosessen med inndelinga av nye sokn har fått meir preg av «noko ein må gjere» enn «noko ein vil gjere».

Likevel stiller dei seg positive til samanslåinga, som no vil hjelpe på å fylle plassane i soknerådet som Lygra ikkje har hatt stort nok mannskap til å gjere.

I dag er det sju sokn i Lindås kommune, medan det i berre er eitt i kvar av Meland og Radøy kommune, som skal slåast saman berre to månader etter soknesamanslåinga.

Artikkeltags