Kvinner er gull for landbruket

Av

Har du tenkt over uttrykket gardskjerring? For mange ei heidersnemning, men for andre ei kjelde til frustrasjon. Kanskje spesielt for dei som aktivt driv som bonde. Ein mann som driv gard blir omtalt som bonde, og det same bør vel gjelde for kvinner?

DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det blir snakka mykje om likestilling og inkludering av kvinner, særleg i samband med kvinnedagen. Vi burde kanskje snakke meir om dette, også i relasjon til landbruket. Av alle som driv gardsbruk i Noreg, er det kun 16 prosent kvinner, og i heile verdikjeda rundt gardsbruk er over 90 prosent menn. Vi er overbevist om at ei jamnare kjønnsfordeling vil vere ein styrke i landbruket, og ønskjer ein breiare debatt om dette temaet.

I anledning kvinnedagen, inviterte Høgre sitt landbruksnettverk på Stortinget bygdeforskar og førsteamanuensis i sosiologi, Hilde Bjørkhaug, frå NTNU. Tema var sjølvsagt korleis vi kan få fleire kvinner inn i landbruket, og kva som hindrar dei i å delta.

Det er både strukturelle og kulturelle grunnar for at kvinner ikkje deltar i større grad. Tradisjonelt har landbruket vore mannsdominert, og både menn og kvinner er i eit stadig press om å passe inn i det som til eikvar tid blir oppfatta som feminint og maskulint. Tidlegare generasjonar har gjerne, i beste meining, gitt råd til døtrene sine om at bondeyrket er for tungt. Konsekvensen har kanskje vore at gutane i størst grad har tatt over. I politikken har vi kome eit godt stykke på veg i likestillinga, landbruket heng nok litt etter. I alle delar av samfunnet har vi enda struktur og kultur som heng igjen. Vi må rett og slett snakke meir om dette.

Bjørkhaug understreka kor viktig det er at fleire kvinner blir løfta inn i landbruket. Vi treng mangfaldet og gevinstane det gir. Vi ser allereide at fleire kvinner i landbruket har leia til ei enorm auke av og stor suksess innan lokalmat, økologiske varer, grønn omsorg, helse og utdanningstilbud på gardane. Dette har vore ei viktig inntekt for landbruket og har gitt bonden fleire bein å stå på. Det er mange gode rollemodellar i landbruket allereide, som banar veg for morgondagens bønder, viktig for den kommande generasjon som skal ta sine yrkesval.

Visste du at kvinnelege bønder i langt større grad tar med seg mannen i arbeidet, slik at det blir flere aktive bønder på garden? Det kan vere med på å skape eit levande og aktivt landbruk i heile landet. Vi treng vidare utvikling, innovasjon og forvaltning av norsk matproduksjon.


Høgre sitt landbruksnettverk møter stadig stolte ambassadørar og hardtarbeidande bønder som står på for å sikre oss den beste maten. Trygg, rein og god mat, produsert med god dyrehelse. Norge treng desse driftige bøndene, kvinner og menn.
Så til slutt, to gode tips på vegen, som blei plukka opp på Nationen sin konferanse «Kvinner i landbruket» og er relevant for alle:
- Blir du spurt om å stille, sei ja om du vil. Då har nokon allereide vurdert at du har kompetansen som trengs.
- Meld deg sjølv som aktuell for styreverv, jobbar og posisjonar og vis interesse.
Det kan åpne for nye moglegheiter!

Vi håpar fleire kvinner velgjer eit spennande og viktig yrke som bidrar til mangfald og aktivitet i heile landet.
Grip muligheten - Landbruket treng deg!

Landbruksnettverket til Høgre,
Torill Eidsheim, Guro Angell Gimse, Margunn Ebbesen, Ingunn Foss, Ingjerd Schou, Margret Hagerup, Elin Agdestein, Anne Kristine Linnestad, Kristin Ørmen Johnsen, Bente Stein Mathisen, Liv Kari Eskeland, Lene Westgaard-Halle, Solveig Sundbø Abrahamsen, Tone Wilhelmsen Trøen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken