(BA): Klokka 1440 fredag ettermiddag melde politiet at tre bilar har vore involvert i eit trafikkuhell på E39 ved Hylkje.
Uhellet skal ha skjedd like ved avkøyringa til Almåsdalen, melder politiet på Twitter.
– Alle personane er kome seg ut av køyretøya. Alle personane skal vere vakne og bevisste.
Like før klokka 1500 melde politiet at ingen personar har kome til skade i uhellet. Seinare vert det opplyst at ei kvinne vert tatt med til traumemottaket ved Haukeland, opplyser operasjonsleiar, Morten Rebnord i Vest politidistrikt.
Det var mindre materielle skadar, og det vart ingen trafikale problem.
TLF: 916 20 916 Mail: [email protected] SMS/MMS NHTIPS til 2005
TIPS OSS