I 5-tida natt til fredag vart ein patrulje vart merksam på smell og dunk på politistasjonen i Knarvik.

Det viste seg at ei kvinne i 20-åra var i ferd med å bryte seg inn i bygget, igjennom eit hol i inngangsdøra.

«Det er noko uklare motiv for å bryte seg inn på ein politistasjon», skriv politiet.

Kvinna er meldt og sett i drukkenskapsarrest.

Ting tyder på at ein gamal sykkel kan ha vore brukt som reiskap til å knusa glaset i døra.

I løpet av føremiddagen blei den knuste ruta skifta ut med ei heil. Og det blei faktisk ei lita oppgradering for politihuset - den nye glasruta er av sikkerheitsglas og mykje sterkare enn den som vart knust i nattetimane.