Gå til sidens hovedinnhold

Kvinne omkom etter alvorleg hesteulykke

Kvinna skal ha falle av hesten i samband med riding i Hordvik.

(Bergensavisen): Tysdag klokken 1323 fekk naudetatene inn melding om ei hesteulykke i Hordvik. Ei kvinneleg rytter i 40-åra blei alvorlig skadd i samband med ulykka. Det blei utført livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde. Kvinna blei erklært død klokka 1400.

Årsaka til ulykka er ikkje avklart.

Dei pårørande til avdøde er varsla.

Politiet kjenner så langt ikkje omstendigheitene rundt ulykka, men fortel at kvinna skal ha falle av hesten.

– Vi gjer undersøkingar på staden, opplyser Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt

Kommentarer til denne saken