Ifølge BA er kvinna frå Radøy i 60-åra og kjem til å få 7.334.900 kroner overført til konto neste veke.
– Hæ? No svimar eg nesten av, seier kvinna med tårer i auga når ho snakkar med Norsk Tipping.
Radværingen fortel at ho hadde vore nøgd med berre ein million kroner.
– Det er ikkje til å tru at eg er sju millionar kroner rikare. Eg hadde valt dei sju tala heilt tilfeldig! fortel kvinna i sjokk.
Under finn du liste over dei seks største premiane Lotto har utlevert til hordalendingar i år. Kvinna frå Radøy kjem som nummer fire på lista.