– Ei kvinne i 60-åra hadde blitt fråstole veska si, fortel politistasjonssjef Kjell Idar Vangberg.

Det var rundt klokka 10 onsdag føremiddag at politiet fekk melding om tjuveriet, som skjedde i senteret i Knarvik.

– Vi gjorde det vi vanlegvis gjer i nordhordlandspolitiet: vi arresterte gjerningsmannen, seier Vangberg.

Politiet konfiskerte den stolne mobiltelefonen og gav den tilbake til kvinna. Veska, som tjuven hadde kasta frå seg i eit bosspann i senteret, blei og funnen og returnert til kvinna.

– Mannen er ein såkalla kjenning av politiet. Han erkjente brotsverket og saka vil bli følgt opp, fortel Vangberg.

Godt samarbeid

Vangberg takkar Amfi Knarvik for at dei klarte å ta tjuven.

– Det var eit kjapt og godt samarbeid med senterleiar og vaktmeister som førte til at vi oppklarte det, seier han.

Han rosar dei tilsette på senteret. Det er nemleg ikkje første gongen politiet og dei har gått saman og klart å fakke ein tjuv.

– Det klarar vi ofte, så dei tilsette der fortener ros. Dei gjer ein utmerkt jobb, seier Vangberg.