Kvinne (46) omkom

Tragisk utfall: Ei kvinne omkom, og foreldra hennar trengte legehjelp etter brannen på Radøy. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Tragisk utfall: Ei kvinne omkom, og foreldra hennar trengte legehjelp etter brannen på Radøy. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

RADØY: Det var Lisbeth Helland som mista livet i den tragiske husbrannen i Sætrevegen mandag kveld.

DEL

Tirsdag ettermiddag vart namnet på den omkomne kvinna offentleggjort.
– Det var Lisbeth Helland som omkom. Ho vart 46 år, seier lensmann i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg.
Ho hadde ingen born, men var sambuar, vert det opplyst om. Sambuaren var ikkje heime då brannen starta.

Dramatisk

Brannen vart først varsla klokka 19.41, og det vart rykka ut med alt av ledig mannskap, både frå Radøy og Austrheim.
Vangberg fortel at det var kvinna sine foreldre som fann ho då dei såg røyk frå huset. Faren greidde henta henne ut av huset.
– Det vart utført livredning på staden, men livet stod ikkje til å redda, seier han.
Klokka 21.30 sende politiet ut melding på Twitter om at ei kvinne var bekrefta omkomme. Foreldra vart sendt til legevakt og Haraldsplass med røykskader.

Opne flammar

Det vart meldt om opne flammar og sterk røykutvikling då brannvesenet kom til staden. Dei fekk då bekrefta at det ikkje var fleire i huset, og fekk deretter relativt raskt kontroll over brannen.
Då brannvesenet seinare på kvelden reiste frå staden blei politiet verande for å halde vakt.
– Vi hadde ein patrulje der sidan bustaden ikkje hadde vorte sikra. Dette for at ikkje uvedkommande skulle ta seg inn i bygget, seier Vangberg.

Tragisk hending

Helsepersonell både i ambulansar og frå luftambulansen kom kjapt til staden. Trass i gjenopplivingsforsøk stod ikkje livet til å berga.
– Helland var eit godt menneske, seier Radøy-ordførar Jon Askeland til BT.no tirsdag ettermiddag.
Han er no oppteken av at lokalsamfunnet støttar opp om familien.
– Eg er trygg på at lokalsamfunnet vil visa den nødvendige omsorga. Familien er tatt hand om, og har fått tilbod om hjelp frå vårt kriseteam. Dei er i ein vanskeleg situasjon. Faren kom til og henta ut dottera frå huset då det brann, seier Askeland, som kjenner familien godt.
– Radøy er eit lite lokalsamfunn, med 5000 menneske. Dei nærmaste er hardt ramma, men også mange andre i kommunen er sterkt prega, seier ordføraren.