Gå til sidens hovedinnhold

«Kvifor har politiet trafikkontrollar?»

Artikkelen er over 1 år gammel

«Eg vore vitne til altfor mange drepne menneske i trafikken. Dei aller fleste er dessverre ungdom, og i mange av tilfella er det på grunn av det dei fleste kallar uvettig køyring» skriv lensmann Kjell-Idar Vangberg.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dette vart først skrive som eit innlegg på Kjell-Idar Vangberg si eiga Facebook-side, og er ikkje meint som eit svar.

Politiet må ta tjuveribander, valdtektsforbrytarar, pedofile og mykje anna, og ikkje kontrollere mopedane og lettmotorsyklane til ungdommane våre.

Dette er utsegn som har versert både på Facebook og i lokalaviser den siste tida. Politiet er sett til mange gjeremål. Politiet skal både førebyggje og oppklare lovbrot. All forsking viser at godt førebyggande arbeid vil redusere alle formar for lovbrot, også i trafikken.

Eg har i år jobba 40 år i politiet, dei fleste av desse i Nordhordland. I den perioden eg har jobba i distriktet, har det skjedd 3 drap der nokon har skote ein person med vitande og vilje. Dette er cirka eitt drap kvart 10. år. I same periode har eg vore vitne til altfor mange drepne menneske i trafikken. Dei aller fleste er dessverre ungdom, og i mange av tilfella er det på grunn av det dei fleste kallar uvettig køyring.

Eg, som lensmann, skal sjølvsagt prioritere kva vi som politi skal jobbe med. Då det er langt fleire ungdom som døyr i trafikken enn det er folk som blir drepne med vilje av andre, har eg avgjort at førebyggande trafikkarbeid er noko av det viktigaste politiet i Nordhordland skal jobbe med.

Vi ved Nordhordland lensmannskontor har derfor i ei årrekke jobba svært aktivt med førebyggande trafikkarbeid, blant anna gjennom det tverretatlege samarbeidet TSU. TSU har jobba spesifikt opp mot ungdommars haldningar i trafikken. Dei siste åra har vi ikkje «mista» nokon unge i trafikken her i Nordhordland, og eg vil påstå at dette haldningsskapande arbeidet er ei viktig årsak til dette.

Ja, eg har sett ungdom køyre seg i hel då ungdommen køyrde på eitt hjul med lettmotorsykkel. Ja, eg har sett ungdom «grisekøyre» i hel ungdom som kryssar vegen. Ja, eg har sett ungdom «tøffe» seg med stor fart, krasja og drepe kameratar som sat på. Eg ønsker ikkje at dette skal skje igjen. Derfor prioriterer politiet trafikkontrollar, også blant dei ungdommane som køyrer lettmotorsyklar.

Det er lov å vere ueinig med meg, og det er sjølvsagt lov å ytre seg. Eg ber berre om at de ikkje hetsar dei som er ueinige med dykkar synspunkt.

Les også

Lensmannen forsvarar omstridt kontroll: – Det trengst ei haldningsendring

Les også

10 av 14 med ulovlege endringar på lettmotorsyklane på Knarvik vidaregåande skule

Kommentarer til denne saken