Spørsmålet har vore på tunga til mange den seinare tid. På Facebook fløymer det over i kommentarfelta, redaktøren i Avisa Nordhordland har kvessa pennen sin kraftig, og tidlegare ordførar Astrid Byrknes har bede om orsaking. Kva er det eigentleg som skjer?

Det har vore mange ulmebrannar etter at storkommunen Alver vart skipa, men «lærarsakene» gjorde noko med folk flest. Kjensla av rettferd vart borte. Då kom også dei mange sakene om overskridingar og manglande informasjon til overflata att, og saman gjorde dette at mange kjende at «no er det nok».

Ein må gjerne skyta på Kommunedirektør og administrasjon, og røynde politikarar må gjerne distansera seg frå avgjerder dei sjølve har fatta. Men det som er viktig er å skjøna korleis ein kommune er organisert, korleis ein kan gjera endringar, og korleis ein kan byggja oppatt tilliten mellom dei folkevalde, administrasjonen, og innbyggjarane. For det trengs.

Det er Kommunestyret som er det øvste organet i Alver kommune. Ikkje ordføraren, og ikkje rådmannen. I Kommunestyret sit det ikkje mindre enn 47 representantar. Alle lekfolk, slik det skal vera. I følgje møteplanen so hadde dei nesten 200 saker til handsaming i 2022. Mange av desse var svært omfattande. Til å hjelpa seg med dette, har kommunestyret sjølv oppnemnt ein del underutval, kor Formannskapet er staden kor mykje av grunnarbeidet vert gjort.

For å synleggjera oppgåver, ansvar og mynde mellom dei ulike organa, samt mellom politikarar og administrasjon, har Kommunestyret vedteke «Politisk styringsstruktur og reglement». Dokumentet ligg på Alver kommune si heimeside. Litt krunglete å finna, men likevel. Her kan ein lesa kva reglar politikarene sjølve har vedteke for styringa av kommunen, inkludert «Etiske retningsliner for Alver kommune».

I same dokumentet finn ein også «Reglement for delegering til kommunedirektør». Her står det i klårtekst kva ansvar og mynde som er lagt til administrasjonen, og det er også vist til relevante paragrafar i Kommunelova. Generelt er det slik:

  • Det er Administrasjonen som gjer utgreiingar og kjem med tilrådingar
  • Det er Kommunestyret som fattar vedtak
  • Det er Administrasjonen som skal setja vedtaka ut i livet

So er det heldigvis slik at ein for lenge sidan konkluderte med at ein kan ikkje berre la bukken passa havresekken. Det vart difor oppretta eit eige utval; Kontrollutvalet, som fekk sjølvstendig ansvar og mynde til ikkje berre å gå dei folkevalde organa etter i saumane, men også administrasjonen. Kontrollutvalet er soleis et særs viktig organ i Alver kommune, og medlemene vert oppnemnde av kommunestyret.

Diverre er det likevel slik at Kontrollutvalet ofte vert nedprioritert i høve andre utval. I praksis er det «opposisjonen» i kommunen som får leiaren i utvalet - gjerne også fleirtalet. Og kvifor skal «opposisjonen» frå støtte frå «posisjonen»? Det er heller ikkje spesielt «attraktivt» å sitja i dette utvalet, samanlikna med Formannsskap, Planutval og så vidare. Dette gjer at Kontrollutvalet ofte får ein samansetnad som ikkje gjer det spesielt «skodd» til å utføra oppgåvene sine.

Kor kan då Kontrollutvalet henta råda sine frå? Jau, dei har eit «Sekretariat», og dette er «Region Nordhordland IKS». Eit interkommunalt selskap eigd m.a. av Alver kommune, kor ein av deira tilsette utfører oppgåvene som «sekretær». I tillegg har utvalet tilgang til KPMG som revisor, og dei kan sjølvsagt også nytta ekstern bistand. Men om slike ting ikkje er lagt inn i budsjettet, må det ekstra løyvingar til. Frå kommunestyret.

Det er fleire som har merka seg at Kommunedirektøren ser ut til å vera «fast inventar» på møta i Kontrollutvalet. Slik skal det ikkje vera. Han har møterett i alle kommunale utval, bortsett frå Kontrollutvalet. Her kan han berre møta når han spesifikt vert kalla inn, og frå sak til sak. Kvifor er han der, då? Eg vil tru han set på mykje kunnskap som Kontrollutvalet ikkje gjer. Kanskje til og med meir enn Sekretariatet. Det er heller ikkje usannsynleg at han sjølv synes det er heilt greitt å vera til stades. Både for å lytta, og for å påverka. Men skal det vera slik? Nei, so absolutt ikkje. Kan det tenkjast at Kontrollutvalet til tider har vore utidig påverka av Kommunedirektør og/eller Sekretariat i enkelte saker? Ja, so absolutt.

Alver kommune har ein topptung leiing. I tillegg til Kommunedirektør so set der også to andre tidlegare rådmenn, og sikkert fleire som kunne tenkja seg det. Men dei set der fordi dei folkevalde vedtok det slik, då dei slo saman Lindås, Radøy og Meland. Det var også dei folkevalde sjølve som vedtok at det nye Kommunestyret skulle ha heile 47 representantar. Og det var Kommunestyret som valde samansetjinga i Kontrollutvalet.

Bortsett frå på Mongstad, so er det få føretak i Nordhordland som har meir enn 2 milliardar i omsetnad. Men - Alver kommune har det. Sjølv om det er mange dugande politikarar i Alver, so trur eg neppe verken Sara Sekkingstad, Nina Bognøy eller Astrid Byrknes ville tatt på seg å vera Direktør for denne verksemda. Då treng ein nokon til å gjera den jobben, og jobben er svært krevjande.

Kanskje det er på tide å dra lasset saman for å betra omdømet til Alver kommune, slik det no er. Då trengs det å vera litt audmjuk, og her har Kommunedirektøren ein veg å gå. Men det trengs også at ein vedgår kven som set med det overordna ansvaret. Det er Kommunestyret.