Hyssingen produksjonsskule i Bergen fekk i oppdrag av fylkeskommunen å lage ein video der dei skulle filme fylkeskommunen sine tenesteområder i heile Vestland.
Då elevane heldt på med filminga, vart dei så bergtatte av det dei såg, at dei ønskte å lage ein song i tillegg.
– Dei fekk litt fritt spelerom til å lage videoen slik dei ville. Vi er veldig nøgd med resultatet, seier kommunikasjonsrådgjevar i fylkeskommunen, Jennifer Fossnes.
Ho understrekar at songen og videoen ikkje er meint til å vere noko offisielt for Vestland.
Kva synest du om den nye songen?