I samband med Posten sine omleggingar har Avisa Nordhordland den 28.juli eit oppslag, der m.a. Frode Fyllingen, direktør for Posten sitt salsnett, seier at det ikkje er kome inn særleg kritikk om Posten sine endringar på Frekhaug. «Eg har ikkje høyrt noko, verken gjennom kundesenter eller klagar. Ikkje utover at ordføraren ønskjer eit møte», seier han.

Dette provoserer meg verkeleg. Den 15. juni, då vi hadde fått informasjonsskrivet frå Posten, reagerte eg med ein gong med å ringa det oppgitte nummeret til kundeservice, der eg tydeleg bar fram både klage og fortviling, og der eg også fekk oppgitt ei postadresse for å senda klagen skriftleg.

Det gjorde eg, ved å senda eit ope brev til Posten Norge direkte (brev i posten med frimerke på!) og gjennom lokalavisene Nordhordland og Strilen. Begge avisene slo dette opp,og «responsen» eg fekk etter det, syner tydeleg at mange var fortvila. Eg veit også om mange andre som ringte posten sitt kundesenter og bar fram klage.

Les også

Protest mot nedlegging av Post i Butikk på Frekhaug

Når eg då les i Nordhordland at det ikkje er kome klager, tar eg på ny telefonkontakt med posten sin kundeservice, og får då beskjed om at desse klagene er heilt irrelevante. Når omleggingane av posttenestene for Frekhaug er bestemt skal vera slik, har dei eit system som silar ut kva klager som går vidare oppover i systemet, ut ifrå kor relevant klagen er.

Brevet eg skreiv, var «fasa ut» som ikkje aktuelt, og det var også telefonsamtalane som hadde innehalde klage. Alt var bestemt, så då var det ikkje hjelp i å klaga. At ikkje alt som kjem inn, kan gå vidare til sjefane, er forståeleg. Men det må i alle fall vera eit system som registrerer kva klagen gjeld, og som kan «hentast ut» viss dei oppe i systemet vert kobla på saka.

Kva slags system er det, som hindrar oss brukarar av posttenestene å nå fram med klager? For oss er klagene relevante! Ikkje rart at dei på toppen kan sei at dei fleste er fornøgde, når Kundeservice bestemmer at kritikken/klagen ikkje skal vidare. Viss noko synest vera «irrelevant» i denne saka, er det at Posten har eit samfunnsansvar, og er til for kundane. Eg er både provosert, skuffa – og fortvila!

Frekhaug 29.07.21.

Solbjørg Åmdal Sandvik