– Eit spennande prosjekt

NY UTSTILLING: Mette Marei Træland har denne veka utstilling, med «Hunden på skjeret» som tema. alle FOTO: Irene b. Jenssen

NY UTSTILLING: Mette Marei Træland har denne veka utstilling, med «Hunden på skjeret» som tema. alle FOTO: Irene b. Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I eit år har Mette Marei Træland jobba med eit prosjekt i nærmiljøet. Hunden på «Hundaskjeret» er utgangspunktet i utstillinga som no er klar for publikum. – Det har vorte kjekt å bli kjent med noko som er så nært, seier ho.

DEL

– Det er viktig å formidla relasjonar vi har til kvarandre, men også til naturen og opplevingar i livet, seier Træland, som mandag opna si nye utstilling i GalleriAlversund, som ligg i kjellaren i huset hennar.

Ho har også tidlegare år jobba med årsprosjektet, kor ho har tatt utgangspunkt i nærmiljøet.

– Kva er historia bak?

Kunstnaren fortel at ho synest «Hundaskjeret», som ligg litt nord for Kongsøya i Alverstraumen, har vore eit spennande tema å jobba med.


– Kvifor står hunden på skjeret, kva ser hunden på og kva er historia bak? Det er nokre av spørsmåla eg hadde før eg starta å arbeida med dette, seier ho.


– Det har vore kjekt å bli kjend med noko som er ganske nært. Å få meir lokalkunnskap er spennande. Kjenner ein historia si, kjenner ein også seg sjølv.

LES OGSÅ: Annfrid Leikvoll opna eige galleri i Isdalstø: Stinn brakke i Garveriet

Samlar inn historier

Under utstillinga ønskjer Træland å samla inn historier om «Hundaskjeret», og oppmodar folk til å koma til utstillinga med si historie.


– Eg har høyrt mange strøhistoriar om hunden på skjeret, men det er ikkje alltid berre ei sanning; vi er alle med på å skapa sanninga.


I utstillingslokalet ligg det ei bok, kor folk kan skriva ned si eiga historie.

- Eg kjem til å legga ut alle desse historiene på bloggen undervegs, seier ho.


Årsaka til at ho gjer dette, er at ho synest det er gøy å aktivisera folk.


– Nordmenn kan verta flinkare til å opna opp, meiner ho.

LES OGSÅ: «Eg har hatt folk så mange gonger der eg har sagt til dei at dei kan måla seg gjennom sorga, men for meg sjølv var ikkje det ein tanke»

Få fram ei stemning

I Træland sine bilde har ho tatt utgangspunkt i fotografi, og bruker ulike teknikkar for å få fram ei stemning.


– Dette er samtidskunst, og eg har mellom anna brukt sand, gips, blyant, tusj og fleire typar måling i bilda.


Ho har berre fått gode tilbakemeldingar på utstillinga.


– Folk er overvelda og veldig positive, dei synest utstillinga er fantastisk flott, seier den fornøgde kunstnaren.

Artikkeltags