Får selskap av sjølvaste

SÆVERUD: Rune Alver får selskap av Harald Sæverud på Siljustøl i sommar. Dokka er laga av Terje Simmenes, med ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Foto Randi Bjørlo

SÆVERUD: Rune Alver får selskap av Harald Sæverud på Siljustøl i sommar. Dokka er laga av Terje Simmenes, med ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Foto Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ingen treng vera i tvil om kven den flotte ulldukka forestiller.

DEL

Pianist Rune Alver har vore gjest på Siljustøl mange gonger. Også dette året skal han ta del i familiedagen i regi av Festspillene i Bergen, søndag 7. juni. Det var då ideen om Sæverud-dokka dukka opp.


– Eg fekk møta Harald Sæverud personleg ein gong på 80-talet, og synest dokka har blitt veldig lik han, seier Alver.

 Kunstnaren Terje Simmenes har karikert Sæverun med ei svær propellsløyfe, alt laga i ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Mykje som skjer

Men tilbake til familiedagen på Siljustøl, der dokka skal spela ei sentral rolle.


- Det er svært mykje som foregår denne dagen. Mellom anna får ungane treffa ein ekte og svært skummel nøkk i tjernet i parken, og det vert mykje musikk og dans i hagen. Men publikum får også komma inn i huset, og der vert dei mellom anna tatt imot av denne dokka, seier Alver.


Han skal spela og fortelja om Harald Sæverud og musikken hans, med god hjelp av dokka.


- Forestellinga passar godt både for små barn og besteforeldre, seier han.

New York utstilling

Lørdag reiser den travle pianisten til New York, der han skal spela under billedkunstnar Alfred Vaagsvold frå Lista si debututstilling i verdsmetropolen.


– Bilda hans er inspirerte av musikken til David Mondrad Johansen frå Mosjøen. Det vert abstrakt billedkunst og moderne musikk, seier Alver. Han fortel at tittelen på utstillinga er «Beyond Grieg and Munch».


- Vi stussa litt, men har kome fram til at den ikkje er dum. Johansen var inspirert av Grieg og utvikla sin musikk i forlenginga. Og alle kunstnarar er då litt inspirerte av Munch, seier han.

Og legg til at det vert ei såkalla «Live performance», der Vaagsvold skal måla eit bilde under konserten.

Artikkeltags