«Eg har hatt folk så mange gonger der eg har sagt til dei at dei kan måla seg gjennom sorga, men for meg sjølv var ikkje det ein tanke»

GALLERI SONGFUGLEN: Annfrid Leikvoll opnar ny utstilling i sitt studio og galleri, kalla opp etter sonen Jan Roar Leikvoll si siste bok, «Songfuglen». BEGGE FOTO: Morten Sæle

GALLERI SONGFUGLEN: Annfrid Leikvoll opnar ny utstilling i sitt studio og galleri, kalla opp etter sonen Jan Roar Leikvoll si siste bok, «Songfuglen». BEGGE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg hadde aldri trudd det skulle komme så mange lyse bilde, eg trudde det skulle bli mørkt.

DEL

Mista sonen - opnar utstilling:Det seier Annfrid Leikvoll om måleria som no dannar grunnlaget for hennar nye utstilling i «Galleri Songfuglen» i Isdalstø.

Galleriet har fått namn etter sonen Jan Roar Leikvoll si siste bok, kalla nettopp «Songfuglen». Han døydde brått 31. juli i fjor, berre 40 år gammal, noko som har sett djupe spor i dei som stod han nær.

LES OGSÅ: Utstilling i Galleri Utsyn: Frå tre generasjonar

– Det har vore ein prosess med så mange kjensler som eg aldri har trudd var i eit menneske, ikkje ein dag har vore lik, seier Annfrid.

Ville aldri måla att

– Ein tid var det vanskeleg berre å gå frå soverommet til kjøkkenet. Eg bestemte meg for at eg aldri skule måla att, seier ein åpenhjertig Annfrid.

Gjennom dei som står ho nær fekk ho beskjed om å ta fram att pensel og lerret.

– Familie og vener tvang meg til å sitta meg ned og måla, fortel ho. Annfrid har lenge undervist i målarkunsten, og har rådd andre til å bruka nettopp måling i sorgprosessen.

– Eg har hatt folk så mange gonger der eg har sagt til dei at dei kan måla seg gjennom sorga, men for meg sjølv var ikkje det ein tanke. Kva er det eg har sagt, var det eg tenkte om råda eg har gitt, fortel Annfrid. No i ettertid ser ho annleis på dette.

LES OGSÅ: Eit lyspunkt i kvardagen

– Eg ser livet heilt annleis no. Etter kvart vart det lengre mellom kvar gong eg hadde forferdelege dagar, eg kunne gjerne sjå lyset ein time på dagen.

– Det å mista eit barn, det går vel knapt an å oppleva noko verre, seier ho ettertenksamt.

LES OGSÅ: Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

Balsam

Ho viser fram det første bildet ho har måla til den nye utstillinga som opnar på mandag. Bildet har fått tittelen «Balsam». Annfrid måler intuitivt, i ein prosess der fargar blir lagt på lag på lag i mange steg, utan at ho har eit konkret motiv på førehand. Til slutt måler ho fram detaljane i bildet.

– I dette bildet kom det fram eit sår sydd med gulltråd, og ei rose i raudt, her er sårheit og kjærleik, forvridd og fortvila, fortel Annfrid.

– Det var på ein måte frigjerande å få måla det, det var ei sterk vandring.

I det lyse og trivelege studioet på kaien i Isdalstø kjem ho tett på sjøen og naturen.

– Det er fantastisk å komma inn her og sjå at det blinker i bølgene, det gjorde det første dagen eg kom hit, seier Annfrid, som brukar mykje tid i studioet.

Eit anna bilde har fått tittelen «Songfuglen», og går igjen på invitasjonar og plakatar.

Familieprosess

Dette bildet har ei veldig spesiell plass i Annfrid sitt hjarte, ettersom begge døtrene hennar har vore med på måleprosessen.

– Både Christine, Anette og eg har vore med og jobba på dette bildet, bygga det opp lag for lag, det har vore ein familieprosess, seier ho.

– Det å stå saman, fly i lag og hjelpa kvarandre når ein berre har lyst til å visna har vore viktig for oss i denne tida. Vi har vore mykje saman, seier ho.

LES OGSÅ: Debuterer like godt i lag

I august, eitt år etter dødsfallet, kjem det ny bok skrive av Jan Roar Leikvoll, med tittelen «Forkynneren».

– Han skreiv under boka den dagen han døydde, fortel Annfrid, som sjølv har lest boka.

– Mannen min og eg har lest den for kvarandre, seier ho og ser bort på eit av dei siste bilda ho har måla, der perler er eit dominerande innslag.

– Perlene i bildet er tårer, forklarar Annfrid.

– For Jan Roar kan eg grina perler.

Artikkeltags