Opnar juleutstilling

Annfrid Leikvoll Opnar juleutstilling i Galleri Songfuglen.

Annfrid Leikvoll Opnar juleutstilling i Galleri Songfuglen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Inngangen til ventetida er tema for juleutstillinga til Annfrid Leikvoll

DEL

I dag opnar Galleri Songfuglen dørene for Annfrid Leikvoll si juleutstilling med nye måleri.

– Her kan folk koma og oppleva måleria, høyre julemusikk og få julestemning, sier Leikvoll. I dag er det offisiell opning, og galleriet vil vera ope i dagane framover mot jul.

LES OGSÅ: Mard Issa stiller ut i Galleri Songfuglen: – Opnar nye landskap

– På dagtid sit eg ofte her og måler. Opningstidene vil eg annonsera på Facebook etter kvart, fortel kunstnaren.

Annfrid måler intuitivt, i ein prosess der fargar blir lagt på lag på lag i mange steg, utan at ho har eit konkret motiv på førehand. Til slutt måler ho fram detaljane i bildet.

LES OGSÅ: Morten stiller ut for fyrste gong - Håpar på god eksponering

– Fire av bilda til denne utstillinga kom etter kvarandre i denne tida, her går det meir i vinterfarger. Om eg skal si at det er eit tema i bilda, så må det vera inngangen til ventetida. Det går mykje i adventsfargar, seier ho.

LES OGSÅ: Annfrid Leikvoll opna eige galleri i Isdalstø: Stinn brakke i Garveriet

Dette er andre gongen ho stiller ut eigne måleri i Galleri Songfuglen på Garveriet i Isdalstø sidan galleriet opna i mai i år.

Artikkeltags