Opnar «Underveis» i Galleri Songfuglen

VEIEN: Dette bildet med tittel «Veien» er eit av bilda som du kan sjå på Ellen Marie Hisdal si utstilling i Galleri Songfuglen i Isdalstø.FOTO: Privat

VEIEN: Dette bildet med tittel «Veien» er eit av bilda som du kan sjå på Ellen Marie Hisdal si utstilling i Galleri Songfuglen i Isdalstø.FOTO: Privat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ellen Marie Hisdal stiller ut hos sin læremeister Annfrid Leikvoll.

DEL

Utstillinga «Underveis» opnar 2. juni i Galleri Songfuglen.

Ellen Marie Hisdal kjem opphavleg frå Bergen, men har budd på Sørlandet i 40 år.

LES OGSÅ: Leikvoll-bok vert teaterstykke

Ho har sitt eige atelier heime på Skilsøtoppen på Tromøya utanfor Arendal, og der finn ho roa til å uttrykke, formidle og utvikle kreativiteten. Ho har hatt fleire salsutstillingar på Sørlandet og bilda ber preg av varme, refleksjon og livserfaring. Ho har gått i lære hjå Annfrid Leikvoll og to kunstnarar på Sørlandet, og har fått undervisning på eit klosteret i Umbria i Italia i mange år.

LES OGSÅ: Helge har skapt nytt liv i direktørbustaden i Kvamsvågen

– Det å finne kvile gjennom kunsten er viktig for meg som utøvar, og eg håpar at også andre kan finne ro og kvile gjennom mine bilde, seier Hisdal.

Ho har fleire pilegrimsturar bak seg både i Norge og Spania, og dette pregar tittelen på hennar mange bilde som ho stiller ut. Hisdal seier ho er veldig glad for å stille ut på Vestlandet der ho har sine røter.

Artikkeltags