– Det er ivrige damer, dei gjer stort sett som eg seier

IVRIG GJENG: I tillegg til lokale deltakarar kom det folk frå Oslo, Stavanger og Åsane for å læra meir om akvarellen sine løyndommar frå kunstnar Morten Gjul.

IVRIG GJENG: I tillegg til lokale deltakarar kom det folk frå Oslo, Stavanger og Åsane for å læra meir om akvarellen sine løyndommar frå kunstnar Morten Gjul. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

13 damer frå fjern og nær var samla på akvarellkurs med den kjende akvarellkunstnaren Morten Gjul i Knarvik i helga.

DEL

– Dei har vore veldig lærevillige og positive, det har vore fantastisk kjekt å vera ilag med dei, seier Gjul, som stod for undervisningsopplegget på kurset saman med sambuar Trude Berg.

Gjul vert i dag rekna for å vera ein av dei leiande og mest driftige akvarellistane innan moderne nordisk akvarelltradisjon. Han har delteke på hundervis av utstillingar i inn- og utland, og har motteke ei rekkje stipend og utmerkingar.

– På kurset demonstrerer eg mykje av det eg gjer. Så har eg òg ein pedagogisk baktanke med det. Det eg demonstrerer forklarar akvarellprinsippet, seier Gjul.

LES OGSÅ: Spesiell haust for pianisten: Skal spela nazivennleg musikk i Griegs heim

– Den største faren for ein kunstnar er malesperre. Då er det kjekt å kunne ha nokon andre å sjå på. Eg trur motet mitt smittar over på dei. Eg er ikkje redd for noko som helst, det er berre å køyre på, seier han.

– Frykta for det kvite papiret er veldig utbredt, den har eg kome over, seier kunstnaren.

Regelmessig øving

Ein ting han legg stort fokus på er regelmessig øving.

– Viljen til å øva på det ein vil bli god på er viktig. Det er viktig å øva på teknikkar, utan at det nødvendigvis blir eit vakkert bilde til slutt kvar gong, seier han.

– Om nokon seier til meg at dei ikkje får til å mala trær etter å ha prøvd 4-500 gonger så kan dei få lov til å si det, men seier dei det etter å ha prøvd første gongen vil eg ikkje høyre det, seier Gjul.

MALESPERRE: – Frykta for det kvite papiret er veldig utbredt, den har eg kome over, seier akvarellkunstnar Morten Gjul.

MALESPERRE: – Frykta for det kvite papiret er veldig utbredt, den har eg kome over, seier akvarellkunstnar Morten Gjul. Foto:

Nordisk lys, forlatne hus, gold natur og mennesket sitt forhold til naturen og naturkreftene har prega hans bildeverd. Utgangspunktet for mange av Gjul sine motiv er dei skandinaviske fargane, med utgangspunkt i ein beskjeden palett med fire-fem fargetonar.

– Rydd i paletten

– Eg lærar dei å rydda opp i paletten, det er veldig viktig. Vi har halde oss til eit avgrensa fargespekter med typisk nordiske fargar. Vi vil ikkje at den mørke granskogen skal framstå som eit friskt salatblad, seier han med eit smil.

Inger-Johanne Flagtvedt frå Åsane har kost seg på kurset i helga.

– Det har vore veldig spennande. Eg har lært ein heilt annan måte å gjera dette på, seier Flagtvedt, midt i arbeidet med å trylla fram søyleslanke bjørkestammar på akvarellpapiret med nylærte teknikkar.

LES OGSÅ: Kulturpris til eit kultursenter

Nordhordland kunstlag er arrangør, og leiar Kristin Wenneberg svinga sjølv penselen som kursdeltakar i helga.

– Vi er veldig glade for at vi fekk ein så kjend kunstar hit til å halda kurs for oss, det har vore populært, seier ho. I tillegg til lokale deltakarar har det kome folk frå Oslo, Stavanger og Åsane for å læra meir om akvarellen sine løyndommar.

– Står sterkare saman

– Vi kjem til å halda nye kurs alt i januar og i mai. Som medlem i kunstlaget får ein moglegheit til å vera med på mykje unikt gjennom året, seier Wenneberg. Klubben fekk nytt styre i mai, og har no rundt 40 medlemmar.

– Det sit mange kunstnarar rundt omkring på si eiga tue. Vi vil gjerne samle så mange som mogleg, då står vi sterkare, seier ho.

Artikkeltags