– Kjekt å stilla ut saman

STOR VARIASJON: – Det blir ei innhaldsrik utstilling med stor variasjon i storleik, teknikk, fargekombinasjonar og uttrykk, seier dei fire kunstnarane. Frå venstre: Natalie Reyes-Lingjerde, Ann Blomberg, Laila Gangstad og Kristin Wenneberg.FOTO: Morten Sæle

STOR VARIASJON: – Det blir ei innhaldsrik utstilling med stor variasjon i storleik, teknikk, fargekombinasjonar og uttrykk, seier dei fire kunstnarane. Frå venstre: Natalie Reyes-Lingjerde, Ann Blomberg, Laila Gangstad og Kristin Wenneberg.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fire kunstnarar stiller ut saman i Galleri Songfuglen i februar. – Vi trur det blir ei spennande og mangfaldig utstilling med stor variasjon.

DEL

Det seier Natalie Reyes-Lingjerde, Ann Blomberg, Laila Gangstad og Kristin Wenneberg som snart opnar utstilling saman.

Tirsdag 2. februar er det opning for utstillinga.

– Her blir det god stemning, presentasjon av kunstnarane og eit kulturelt innslag, lovar dei fire kunstnarane.

Todelt

Utstillinga vert todelt, ved at Natalie Reyes-Lingjerde og Kristin Wenneberg har sine bilde utstilt frå 2.–16. februar, deretter overtek Laila Gangstad og Ann Blomberg stafettpinnen fram til 1. mars.

LES OGSÅ: Anna har samla julekrybber frå 68 land

Dei fire viser fram ulike bilde, både i motiv, materialval og uttrykksform.

Intuitivt

– Det blir ei innhaldsrik utstilling med stor variasjon i storleik, teknikk, fargekombinasjonar og uttrykk, seier Blomberg.

LES OGSÅ: Starta eigen nettbutikk

– Eg jobbar intuitivt, det går mykje på kjensler, og kva fargar ein har fanga inn gjennom ein dag, seier Wenneberg.

– Dagen etterpå kjem dei fargane på lerretet, slik jobbar i alle fall eg, seier ho.

Eldre og nye ting

Utstillinga er ei blanding av bilde laga spesielt for utstillinga og andre verk som er laga lenger tilbake i tid.

– Det er veldig blanda for min del, seier Reyes-Lingjerde.

– Eg har med ting som er tilbake frå 2005, men og ting som eg har malt over og jobba vidare med, som ikkje vart ferdig den gongen, og så er det ein del som er heilt nytt, seier ho.

Ulike teknikkar

Laila Gangstad stiller ut både foto på lerret og malte bilde.

LES OGSÅ: Preben (9) er oppfinnar

– Det er ulike teknikkar, og blanda teknikkar og ulike storleikar, eg trur det blir ei mangfaldig utstilling, seier Reyes-Lingjerde.

Møtast jamleg

Utstillinga vert i Annfrid Leikvoll sitt «Galleri Songfuglen» på Nye Garveriet i Isdalstø.

– Det var Annfrid Leikvoll som tok kontakt med oss og spurte om vi ville ha utstilling, det initiativet er vi veldig glade for, seier dei fire, som møtast jamleg for å skapa nye bilde i fellesskap.

– Vi har ein fast avtale om å sitta her i galleriet kvar onsdag kveld og mala, seier Reyes-Lingjerde.

Artikkeltags