Vil ha ny giv i fotoklubben

NYTT STUDIO: Tord Andre Oen (t.v.) og Øyvind Aasgard brukar mykje tid i fotoklubben sitt studio. Begge foto: Øyvind Bjerkestrand
Nordhordland Fotoklubb har slite med interessa dei siste åra. Det vil den nye leiaren gjera noko med.
– Det er trist om fotoklubben døyr ut, seier Tord Andre Oen. Som nyvald leiar vil han gjera det han kan for å redda fram- tida til fotoklubben. Klubben har halde det gåande i over 30 år men har slite med manglande rekruttering og engasjement dei siste åra.
– Det var ein periode at det ikkje skjedde mykje og opplegget var lite organisert. Det har vi prøvd å ta tak i, fortel Oen. Facebook har vore eit viktig hjelpemiddel i denne prosessen.
– Det er mange som følger med på Facebook og der er det lett å legge ut informasjon og opplyse om arrangement.
LES OGSÅ: Kunst med tema «reise»
Studio
Eit av tiltaka fotoklubben har sett inn for aukt rekruttering er å etablere eit eige studio. Arealet får dei leige gratis i Mørenot sitt bygg i Storsandvik på Radøy.
– Vi er utruleg takknemleg for at vi får bruke dette bygget. Vi deler oss ofte i grupper og fotograferer på forskjellige plassar. Vi brukar studioet og trappa eller vi går ut, seier leiaren.
– Førre studiokveld var vi 20 medlemmar som tok bilde og fem personar som modellar.
Ungdomsrekruttering
– Dersom klubben skal vere berekraftig så er det viktig å få med dei unge, seier Oen. Snittalderen er høg i gruppa, men Oen trur klubben passar godt for ungdommar.
– Dersom ein får eit miljø for unge i klubben så trur eg det vil skape økt interesse, seier Oen. Terskelen treng ikkje vere stor for eit medlemskap.
– Alle som interesserer seg for foto er hjarteleg velkomne.
Kommentarer til denne saken