Fest for det restaurerte ishuset

IMPONERANDE: - Eg er imponert over jobben som vart gjort då det i si tid vart bygt ishus, demning og renning, seier Bjarte Vaktskjold, leiar i Nøtlevågen:::: Ordføraren stod for den offisielle opninga med å klyppa snor med tang, og deretter sessa folk seg i ”ishus-salen” og høyrde Arne Høyland snakka om bygningstradisjonar og handel.

IMPONERANDE: - Eg er imponert over jobben som vart gjort då det i si tid vart bygt ishus, demning og renning, seier Bjarte Vaktskjold, leiar i Nøtlevågen:::: Ordføraren stod for den offisielle opninga med å klyppa snor med tang, og deretter sessa folk seg i ”ishus-salen” og høyrde Arne Høyland snakka om bygningstradisjonar og handel. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det historiske ishuset i Nøtlevågen lever vidare, riktig nok utan is. Men bygget er sett i stand, og laurdag kunne bygdefolk invitera til familiedag og snorklipp i kyst-sogevekene sitt teikn.

DEL

Dette er eit unikt miljø som vi er veldig glad for å kunna ta vare på og som vi synest det er kjekt å visa fram, seier Bjarte Vaktskjold i Nøtlevågen meieri. Nøtlevågen var ein sentral møtestad med dampskipskai, meieri og butikk, og eldsjelene har gjort ein flott innsats med å setta bygningane i stand og skapa nytt liv.

LES OGSÅ: Radøy-skule kan bli museum i nabokommunen: – Utedoen må vera med

Det meste av arbeidet er gjort på dugnad, og mellom 20 og 25 personar har vore i sving. Laurdag var det familiedag i Nøtlevågen, med opning av ishuset og ulike aktivitetar – som natursti, hesteriding, utstillingar, underhaldning og godsaker frå kafeen og «den vesle godtebutikken».

Vinteren tok ishuset

Ishuset fekk eit kraftig skot for baugen den snørike vinteren i 2004. Då gav taket etter. No er takkonstruksjonen skifta og huset sett i stand for ettertida. Nøtlevåg meieri har fått støtte mellom anna frå Radøy kommune sitt kulturminnefond til restaureringa av ishuset.

LES OGSÅ: Tilbake på Raunøy

Ishuset i Nøtlevågen står som eit flott kulturminne frå den første tida med industrialisering av mjølkeproduksjonen. Det vart bygt demning i eit dalsøkk ovanfor Nøtlevågen, og om vinteren vart store isblokker saga ut og sendt i renner ned mot ishuset – med eit par bremsestasjonar undervegs for at ikkje isen skulle bli knust i bitar. Dekka med sagflis heldt isen seg godt innanfor tjukke murveggar, og kunne brukast til å halda mjølka kjølig omtrent året gjennom.

Is også til bydn?

-Både dimensjonane og inndelinga av ishuset gjer oss grunn til å tru at huset også var bygt for å selja is til Bergen, i tillegg til eige behov, fortel Vaktskjold. Ishuset såg dagens lys i siste halvdel av 1800-talet. Vaktskjold er imponert over jobben og pågangsmotet i gamle dagar med å få reist anlegget, med ishuset, demninga og fundament til rennene.

Det skal ha vore torvtak på ishuset i tidlegare tider, men ingen nolevande som har sett torv på tak her. Vaktskjold fortel at Jan Floen, som har vore konsulent for restaureringsarbeidet, har sagt at takkonstruksjonen vil tola torvtak, dersom det skulle vera ønskeleg på eit seinare tidspunkt.

Skal syda av aktivitet

-Når me ser rundt oss her, så ser me spor etter menneskeleg aktivitet som me kan undra oss over, og tenka på tider som var. Samstundes ser Nøtlevågen framover, her er båthamn, og eg håpar Nøtlevågen vil syda av liv framover, sa ordførar Jon Askeland då han med tang klypte snor og stod for den offisielle gjenopninga av ishuset.

LES OGSÅ: – Stort å vera tilbake i Skageneset

– Dette har kravd mykje arbeidsinnsats, og vi gler oss over storarbeidet som er gjort, sa Askeland.

Etter opninga fekk folk høyra kulturminne-arbeidar Arne Høyland snakka om bygningstradisjonar og om handel før pengane si tid – i ein del av det tidlegare ishuset.

Artikkeltags