Fedje kommune sat i januar ned ei arbeidsgruppe for å utarbeide ein 4-årig handlingsprogram for å vareta og registrere kulturminne på Fedje. Gruppa fekk i oppdrag å skissere aktuelle arbeidsområde og registrere, verdsetje og kartfeste prioriterte kulturminne i kommunen.
Dei har komme fram til ei liste med ti punkt dei vil prioritere:
- Fiske, fangst, fiskebåtar og naustmiljø (fiskebonden/kvinnehistorie, lostenesta, statsboltar)
- Torvindustrien på Stormark
- Stadnamn
- Kystlyngheia (lyngbrenning og sauehald, steingardar og vardar)
- Utgraving av Fagrevollen
- Hellisøy fyr tilgjengelegheit
- Kvinnehistorie (barneoppseding, organisasjonsliv, handverk)
- Skulehistorie
- Andre verdskrig (inkludert krigshistorie)
- Handel, næring og post (Kræmmerholmen etc.)
Dei blir foreslått at punkta 1–5 vert prioriterte i første 4-årsperiode, og resten i neste 4-årsperiode.
LES OGSÅ: Her er eigedommane som vart selde i Fedje i oktober
Gruppa har skissert ulike tiltak for korleis ein skal vareta dei ulike kulturminna, og vil ta initiativ til arbeid, til dømes «workshops» der dei inviterer og lærer opp deltakarane i å registrere og verdivurdere kulturminne.
LES OGSÅ: Sjekk alle eigedommane som er selde i din kommune i oktober