Store P til Utkant

Store P, eller Petter Sundsby, vann spellemann for soloalbumet "Regnmannen" i 2014.

Store P, eller Petter Sundsby, vann spellemann for soloalbumet "Regnmannen" i 2014. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fredag annonserte Utkant endå ein ny artist som skal spele på festivalen i Skjærjehamn i sommar.

Bergens-rapparen Store P, som i 2014 gjekk solo etter fleire år som sidekick i rapgruppa A-laget, skal spele på festivalen laurdagen.

Fekk Spellemann

Store P, eller Petter Sundsby som han heiter, kjem frå Fyllingsdalen i Bergen. Han kom i 2014 ut med soloalbumet «Regnmannen». Det fekk fleire seksarar på terningen frå fleire hald, og vann Spellemann i kategorien Urban.

Førre veke annonserte Utkant at rapparen Onkl P tar med seg Slekta og spelar på festivalen.

Artikkeltags