Den siste tida har dei jobba intenst med stykket som skulle framførast på UKM.
– Vi starta å arbeida med stykket i november, og vi har hatt øving kvar onsdag sidan. I tillegg har vi hatt helgeseminar 13 timer lørdag og søndag, seier Aron Jesperr Lona som er leiar for teatergjengen.
– Vi har jobba hardt, det er mykje terping. Dei kallar meg diktatoren, seier han med eit smil.
LES OGSÅ: – Håpar bilda mine gir folk noko
Stykket har dei skrive sjølv, og det handlar om alt ungdommar møter i samfunnet. Dei har kalla stykket «Nema», som er amen baklengs.
– Generelt sett handler det om ulike tabu, vi tar opp alle tinga mange tenker men ingen snakkar om, seier han. Det handlar om press i ulike former, og kor stort alt kjennest for ungdommar.
– Det har vore veldig mykje sterkt under jobbinga, vi har ofte måtte stoppa opp tenke, det er alvorlege tema vi tar opp, seier Aron, og legg til at det er ein del av tinga dei gjer i stykket som kan vera ukomfortable.
LES OGSÅ: Sjå kven som gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM
– Det er veldig sterkt å få lov til å formidle ein bodskap som vi har jobba lenge med, spesielt når vi merkar at publikum tar godt imot det. Vi ser det vekker kjensler, det er hovudtanken bak stykket, seier Aron.
Utanom Aron er det ingen i teatertroppen som har noko særleg teatererfaring
– Det er tung materie ta tak i, vil helst alle kjensler skal vekkast på kortast mogleg tid, seier han. Planen er å utvida stykket til ein større framsyning i sommar.
– Vi skal sette opp ein stor framføring i sommer, men no veit ikkje meir enn det. Det skal vi jobbe med fram mot sommaren. Vi har veldig lyst til gjera ein skuleturné, seier Aron.
André Fresvik Klausen i teatergruppa håpar dei får litt fleire folk med.
– Vi har det veldig gøy, eg synest det er fantastisk, seier han.
Både Aron og André Fresvik Klausen i teatergruppa opptrådde i tillegg med eigne låtar under UKM. For André var låta «Captivated» den første han har laga heilt sjølv.
– Det vart litt stress på generalprøva med band, då måtte eg nærast laga heile songen på nytt, det var nervepirrande. Men eg er nøgd med innsatsen, seier han etter framføringa.
– Sangen handlar om å føle seg fanga av at ein ikkje alltid kan gjera som ein har lyst til, og at forventningane ein vert møtt med ikkje alltid er dei same som ein har til seg sjølv, seier han.
André fortel at det vert fleire eigne låtar framover.
– Eg har alt eit par i skrivebordsskuffa, seier han.

Høg kvalitet og stort potensial i UKM