Katinka Halland frå Radøy er 20 år, og stiller ut sin digitale kunst under UKM.
– Eg starta med digital kunst og illustrasjonar i 2014. Eg har alltid likt å teikna, men då starta eg med å prøva ut det digitale, seier ho.
I bilda sine likar ho å fokusera på ulike kjensler.
– Folk kan kjenna seg att, eg håpar at bilda gir dei noko, seier Katinka.
– Det ligg litt ting bak bilda som ein gjerne kan finna ut av sjølv når ein ser dei, fortel ho.
Katinka er veldig glad i det ho driv med, og har eit mål om å ha det som leveveg. Ho har alt fått seg eit vikariat som kunstlærar på Radøy ungdomsskule.
– Eg har lyst til å bli illustratør, kanskje speldesignar, fortel ho om framtidsplanane sine.
Dei 83 ungdommane deltek i kategoriane UKM media, konferansier, scene, arrangør, utstilling og film.
Eit fagpanel sett saman av Rolf Raknes, Mats Skjerve, Marta Rostecka og Eivind Leirvik har den vanskelege oppgåva med å plukka ut dei som går vidare til fylkesmønstringa.
Under finn du stor bildeserie frå arrangementet.
