– Han elskar at vi går på tur, då finn han roen

Elskar tur: Vesle Håkon elskar å vere med på tur, og er mykje ute saman med mamma Solvor og tante Anna. Frå venstre: Solvor Osland Lilleberg, Anna Osland Øvretveit, Håkon Osland Lilleberg og Aina Therese Erstad.

Elskar tur: Vesle Håkon elskar å vere med på tur, og er mykje ute saman med mamma Solvor og tante Anna. Frå venstre: Solvor Osland Lilleberg, Anna Osland Øvretveit, Håkon Osland Lilleberg og Aina Therese Erstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Håkon (2,5 mnd) har til tross for sin unge alder allereie gått mykje på tur saman med mamma Solvor og tante Anna. Dei tre har planar om å gå alle ti Tursekken-turane denne sommaren.

DEL

Solvor Osland Lilleberg, Anna Osland Øvretveit, Håkon Osland Lilleberg og Aina Therese Erstad gjekk saman på Nøttveitveten for første gong då me traff dei.

– Det var ein veldig grei tur. Vi var litt uheldig og traff tåke når vi var på toppen slik at vi mista utsikta, men det var veldig kjekt å gå. Vi er ikkje så glad i orm, så vi må gå når det ikkje er så fint ver, fortel Solvor.

UT PÅ TUR

Knarvik Senter og Avisa Nordhordland vil i ein serie i sommar presentere dei ti flotte fjelltoppane som er med i Tursekken 2017. Dette er ein konkurranse fram til 31. august i regi Knarvik senter og ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant Avisa Nordhordland.

Turstoffet er levert av skribent i Senteravisa, Benedicte M. Torsvik, og turgåarar som deler bilde på Instagram.

All informasjon om korleis du deltar i konkurransen finn du på www.knarviksenter.no. Last gjerne opp bilde på Instagram med emneknaggen #avisanh i tillegg.

Populært turmål

Nøttveitveten er eit populært turmål, og ligg saman med Solendfjellet og Morkefjellet i friluftsområdet Radøy kommune har valt som Tusenårsstad. Det blei også kåra til det mest attraktive friluftsområdet i kommunen under Friluftslivets år i 2015.

VARDE: På toppen av Nøttveitveten står det ein flott varde. Litt nedanfor er det sett opp ein gapahuk kor du kan setje deg ned og ta ein kvil før du går ned att. I gapahuken finn du og Tursekken-plakaten og ei bok du kan skrive namnet ditt i.

VARDE: På toppen av Nøttveitveten står det ein flott varde. Litt nedanfor er det sett opp ein gapahuk kor du kan setje deg ned og ta ein kvil før du går ned att. I gapahuken finn du og Tursekken-plakaten og ei bok du kan skrive namnet ditt i. Foto:

– Anna, Håkon og eg går mykje tur i lag, og det gjer Anna og Aina også. Håkon elskar å å vere med, då finn han roen. Aina er vakse opp ved Nøttveitveten og trong ein pause frå studiane, så vi valde å reise ut for å gå på tur med ho, seier Solvor.

Her går du

Det går fleire stiar til Nøttveitveten. Går du frå Solendfjellet byrjar turen ved det høgste punktet på bilvegen mellom Manger og Marås. Frå skiltet langs vegen køyrer du opp grusvegen til parkeringsplassen. Her er det skilta til Nøttveitveten, og det er merka sti vidare.

Utsikt: På klåre dagar er utsikta frå Nøttveitveten spektakulær. Ofte ser du øyane i havgapet, og er du ekstra heldig kan du skimte fleire av oljeplattformene i Nordsjøen.

Utsikt: På klåre dagar er utsikta frå Nøttveitveten spektakulær. Ofte ser du øyane i havgapet, og er du ekstra heldig kan du skimte fleire av oljeplattformene i Nordsjøen. Foto:

Du får raskt fin utsikt over Manger, og første topp på turen er Solendfjellet. Herifrå går du vidare nedom Dyrdalen, før du går vidare opp det brattaste partiet mot toppen. Her kan du velje mellom å gå på merka sti inne i skogen eller utanfor med utsikt over fjorden.

Denne turen tar om lag 30-40 minutt ein veg, og passar for alle. Vel du å gå frå Nøttveit er turen kortare, men og brattare. Ønskjer du ein lengre tur kan du gå vidare til Morkefjellet og Kartveitfjellet sørover.

Dei ti turmåla

  • Nøttveitveten (Manger) på Radøy
  • Brakstadfjellet i Meland
  • Håøytoppen i Meland
  • Myrsfjellet (Vangen) i Lindås
  • Indregardsfjellet (Knarvik) i Lindås
  • Baståsen (Eikanger) i Lindås
  • Fløyen (Kløve) i Lindås
  • Rusta (Stordalen) i Masfjorden
  • Sleirsfjellet (Sleire) i Masfjorden
  • Veten (Hordvik) i Åsane

Artikkeltags