Kevin Vågenes klar for runde to med suksessen «Julegøy»

Kevin Vågenes hadde stor suksess med «Julegøy» på Ole Bull Scene. I november kan ein sjå Vågenes på scena i "Julegøy 2" FOTO: OLE KRISTIAN OLSEN/OLE BULL SCENE

Kevin Vågenes hadde stor suksess med «Julegøy» på Ole Bull Scene. I november kan ein sjå Vågenes på scena i "Julegøy 2" FOTO: OLE KRISTIAN OLSEN/OLE BULL SCENE

Det vart spelt 51 førestillingar av første runde med Julegøy. I november kjem «Julegøy 2» på Ole Bull.

DEL

Kevin Vågenes hadde i fjor og starten av 2019 stor suksess med «Julegøy» på Ole Bull Scene i Bergen.

Då planlegginga rundt «Julegøy» byrja, var det først planlagt to rundar.

– Så vart det fire og enda med 51. Det er heilt utruleg, sa Kevin Vågenes i eit intervju i desember.

Komikaren skrøyt hemningslaust av heile Ole Bull Huset.

– Det har vore heilt fantastisk å arbeida der. Folka står på og er veldig entusiastisk, sa Vågenes til BA.

Spelast frå november

Siste runde av «Julegøy» var over i januar 2019.

No er det klart at det vert ein runde to med braksuksessen.

På scena vert det gjensyn med nokon av dei populære karakterane frå tv-suksessen «Parterapi». Det vert også introduksjon til heilt ferske rollefigurar.

Dei tre andre som skal dele scene med Vågenes er Christoffer Schjelderup, Siw Anita Andersen (kjent frå mellom anna«Mot i brøstet») og Sandra Spjelkavik.

«Julegøy 2» spelast på Ole Bull Scene frå 12. november.

Dei tre andre som skal dele scene med Vågenes er Christoffer Schjelderup, Siw Anita Andersen (kjent frå mellom anna«Mot i brøstet») og Sandra Spjelkavik.

Dei tre andre som skal dele scene med Vågenes er Christoffer Schjelderup, Siw Anita Andersen (kjent frå mellom anna«Mot i brøstet») og Sandra Spjelkavik. Foto:

Artikkeltags