John feirar amerikanarane sin nasjonaldag

DOBBELT: John Pettersen er både norsk og amerikansk statsborgar. For han er det svært viktig å få markert 4. juli. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

DOBBELT: John Pettersen er både norsk og amerikansk statsborgar. For han er det svært viktig å få markert 4. juli. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

John Pettersen heidrar sine soldatkameratar frå 99. bataljon ved å feira amerikanarane sin nasjonaldag.

DEL

Radværingen som vart født i det som no er stova i huset han bur i i Bøvågen markerer amerikanarane sin nasjonaldag like mykje som han markerer 17. mai.

– Me må visa respekt for denne dagen. Eg er jo amerikansk, minner han oss på.

LES OGSÅ: 70 år etter freden er John Pettersen framleis på slagmarka kvar dag

99. bataljon

Då han verva seg for å gjera teneste i den amerikanske hæren under andre verdskrig, fekk han og amerikansk statsborgarskap. Sidan har den spreke 100-åringen hatt dobbelt statsborgarskap.

Han brukar 4. juli til å æra dei han kjempa med under krigen, under forhold som ein ikkje kan førestilla seg i dag.

– Eg tenker på dei kvar einaste dag, seier han.

Heime i tunet vaiar både det amerikanske og norske flagget side om side. Sjølv brukte han deler av dagen på Sletta, der han overtar kransenedlegging på minnesmerket etter 99. bataljon.

HONNØR: Kransen vart lagt ned og det vart gjort honnør for 99. bataljon.

HONNØR: Kransen vart lagt ned og det vart gjort honnør for 99. bataljon.

– Me har vore heldige med både vêret og talarane i dag, seier han nøgd.

– Kva dag held du høgast av 4. juli og 17. mai?

– Eg held dei begge like høgt. For dei handlar begge om frigjering, seier han.

LES OGSÅ: Hylla 100-åring og krigshelt

– Tette band

På Sletta vert den amerikanske nasjonaldagen markert kvart år med den årlege Utvandrarfestivalen. Der er det fagseminar, og det er ein publikumsretta del. Asbjørn Ystebø seier det er tette band mellom amerikanarane sine nasjonaldag og den norske.

– Alle ideala som fekk innpass i den amerikanske grunnlova, har fått avtrykk i vår grunnlov. Det er ein akse som ligg mellom vårt land og Amerika, meiner han.

Cecilie Hansen er leiar på Vestnorsk utvandringssenter. Ho dreg parallellar mellom det som skjer i verda i dag og det som nordmenn var gjennom for 190 år sidan.

RIR PÅ TREHEST: To år gamle Lilli Elena Mellingen Grønnli koste seg på trehestane. Men å kasta hestesko var enno kjekkare. – Hivet på den stangen, så klara eg det. Det var kjekt, seier ho strålande nøgd.

RIR PÅ TREHEST: To år gamle Lilli Elena Mellingen Grønnli koste seg på trehestane. Men å kasta hestesko var enno kjekkare. – Hivet på den stangen, så klara eg det. Det var kjekt, seier ho strålande nøgd.

– Dei som for fyrst frå Noreg i 1825 var kvekarar som ikkje passa inn i dåtidas Noreg. Dei reiste for å få eit betre liv. No vert dei hylla som norskamerikanarar. Og det er det same me no ser med folk som reiser frå Afrika til Europa for å få betre liv, seier ho.

Ho viser og til alle gardsbruka på Sletta som er bygd opp ved hjelp av amerikapengar.

– Er det ikkje akkurat det same mange polske og litauiske arbeidarar gjer då? Dei reiser til Noreg for å tena pengar og sender dei heim att så dei kan bygga seg eit betre hus for dei, seier ho.

LES OGSÅ: – Eg har vore veldig spent på denne dagen og har ikkje hatt blund på auga i natt

Levande museum

Hansen håpar og på at ein etter kvart kan skapa eit senter som vert meir brukt av Nordhordlendingane. No er det rundt 4000 som er innom årleg

VANSKELEG: Robin Dypfest (7) fekk aldri heilt taket på det å kasta lasso.

VANSKELEG: Robin Dypfest (7) fekk aldri heilt taket på det å kasta lasso.

– Men det er ikkje ein plass kor ein tenker at her kan me reisa til når me har fri, Det er det me jobbar med å få folk til å forstå at dei kan gjera no. At når dei kjem bort hit, så er det meir som ein leikeplass, seier ho.

Difor har dei no investert i benkar og bord, har fått laga trehestar og har salar til dei, dei har laga gullgravar-renner, ein kan kasta lasso og driva med hesteskokasting.

– Dette er ting som skal stå her fast i sesongen. Målet er at Sletta skal vera ein plass som folk vil ta pikniken sin, slik at me etter kvart får eit meir levande museum, er håpet hennar.

LES OGSÅ: Heidra 70 år for seint

Artikkeltags