Raffinert lyd av oljeanlegg

ALGENE: I disse rørene er alger i full gang med å «spise» CO2. Lydkunstner Signe Lidén gjør opptak av lydene fra prosessen. FOTO: Jiska Huizing

ALGENE: I disse rørene er alger i full gang med å «spise» CO2. Lydkunstner Signe Lidén gjør opptak av lydene fra prosessen. FOTO: Jiska Huizing

Musikkfestivalen Borealis byr på lydkunst frå raffineriet på Mongstad. Ti lydkunstnarane har dokumentert prosessane på oljeanlegget.

DEL

– Vi fekk følge prosessen med raffineringa av oljen og konsentrerte oss spesielt om det som skjer med CO₂. Heile kjeda med fangst og utnytting av CO₂ er dokumentert med lydopptak. I desse dagar arbeidast det med å lage eit lydkunstverk med spelefilmlengde, 80 minutt. Dette blir framført i Cinemateket under Borealis, fortel lydkunster Espen Sommer Eide i Bergen senter for elektronisk kunst (BEK).

Kjønnsbalanse

Borealis presenterte årets program tysdag. Kunstnerisk leiar Peter Meanwell understreka at festivalen vil ufarleggjere

eksperimentell kunst og at alle skal føle seg velkomne. Boealis er også ein føregangsfestival når det gjeld kjønnsbalanse med iet fleirtal kvinner både som komponistar og hovudaktørar.

Programmet inneheld ikkje berre konsertar. Her blir utstillingar, samtaler, verkstader, radio (på FM-bandet) og filmar. Fleire av innslaga blandar fleire kunstarter, og innslaga presenterast på ulike stader som jernbanestasjonen og Nordnes sjøbad, der det blir morgonbading til musikk.

Mexico-samarbeid

Borealis har i år alliert seg med den eksperimentelle musikkfestivalen elnicho frå Mexico by. Eit bestillingsverk av Øyvind Torvund uroppførast av BIT 20, i tillegg til mexicansk og argentinsk samtidsmusikk. Det mexicanske ensemblet for ny musikk, Liminar, opptrer også denne kvelden.

Dessutan vises det film av den unge meksikanske filmskaparen Manuela De Laborde. Torvunds verk skal seinare oppførast under elnicho-festivalen i Mexico i tillegg til andre norske verk.

– Poenget med Mongstad-prosjektet er å dokumentere ein stad, eit miljø eller verksemd gjennom å lage eit kunstverk av lydane derfrå. Det er ekstremt mykje lyd på Mongstad, og når vi ikkje lar lyden ledsages av bilde, gir det rom for assosiasjonar som er friare. Bilde styrer oppfattinga av det vi erfarer med andre stader. Dette blir ein annan form for dokumentasjon av den mykje omtalte «månelandinga», seier Sommer Eide.

Artikkeltags