Feirar Vamp på DNS

Artikkelen er over 2 år gammel

Kun få billettar att til prisutdelinga

DEL

Medaasprisen 2017: Vamp vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 6. november, og styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll, lovar ein festkonsert av dei sjeldne.

– Stjernesolisten Eivør Pálsdóttir frå Færøyane kjem, ho har vore gjestevokalist for Vamp på fleire plater og konsertar, fortel Sellevoll.

 Saman med Vamp skal ho mellom andre dela scene med Elisabeth Moberg, Sigurd Sele og Stanley Jacobsen.

Vil du sikra deg billettar til utdelinga må du vera rask. Fredag var det berre 30 ledige billettar att, kan Sellevoll fortelja.

Sellevoll fortel at ein annan folkekjær artist som også vil bidra når Vamp skal feirast, er komikaren Per Inge Torkelsen.

– Per Inge, som den gode vestlending han er, har eit nært forhold til både Vamp og Ivar Medaas. Det er med andre ord duka for ein festkveld med visepop i høgsetet, fortel Sellevoll. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. I år vert prisen delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 6.november.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-

I fjor blei Sigrid Moldestad tildelt prisen.

Vamp er i desse dagar aktuelle med ny plate og Norgesturné.

– På mandag kjem dei for å motta Medaasprisen der dei vil kvittere med både nytt materiale og kjente klassikere, seier Sellevoll. Dei har også ynskje om å tolka ein av Ivar Medaas sine låtar.

Artikkeltags