Slik blir jubileet av Landbruksdagen i Austrheim

Alf Rune Haugen imponerte med mjølkespann-halding under landbruksdagane i Austrheim i fjor.

Alf Rune Haugen imponerte med mjølkespann-halding under landbruksdagane i Austrheim i fjor. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Landbruksdagen i Austrheim blir arrangert for tiande år på rad laurdag 7. oktober. Jubileumsarrangementet blir både innhaldsrikt og spennande, lovar arrangøren.

DEL

Det vert stort kåringssjå for vêrlam, eit av Noregs største, og i 2016 det største i Norge. Kåringssjået dekker kommunane Austrheim, Radøy, Lindås og Meland, og det er eit godt samarbeid mellom Sau og Geit-laga i desse kommunane for å gjennomføra arrangementet. Her treffest ihuga saueentusiastar, og mange sikrar seg ein flott ver som skal tilføra akkurat dei eigenskapane som ei god søye treng for å få dei beste lamma!

Det blir mange flotte utstillarar, både ute og inne. Det er uråd å nemne alle, men dei fleste av dei store leverandørane av traktorar, maskiner og utstyr er på plass. Ein kan handle frukt og grønsaker, sjømat, gardsmat og husflidsprodukt.

Hillesvåg Ullvarefabrikk stiller som ein av Norges få garnprodusentar som nyttar norsk ull i produksjonen.

Hvidsten heim med bok

Anne Hvidsten kjem heim til Austrheim og presenterer familieboka «Oppdrag julegleder» og «Mormor Monsens strikkegleder», og ho vil også underhalde med nokre av sine vakre songar. Magnhild Dyrdal vert med og lærer oss korleis vi lager lammerull. Dueslepp ved Roy Bø står også på programmet. Dette vert fantastisk bra i jubileumsåret til Landbruksdagen i Austrheim!

Mjølkespannhalding

Det vert saueklipping, utstilling av små og store dyr med moglegheit for kanskje å få kjøpe med seg ei lita kanin heim, og veterinærane er til stades og kan gi gode råd.

Austrheim Kyst og sogelag stiller trufast opp med utstilling av gamle reiskapar og bilde.

Alle dei kjende aktivitetane, som mjølkespannhalding, hesteskokasting, hesteriding, trøtraktortrøing, lykkehjul og tippekonkurranse er på plass som dei brukar, og loddsal med fine gevinstar.

9. klassane på Årås og Kaland sel vaflar og hotdogs, og betasuppe og grilltallerken vert også å få kjøpt. Suppe og grillmat kontant eller Vipps.

Mykje dugnad

Landbruksdagen i Austrheim legg vekt på å gje gode, landbruksrelaterte opplevingar for store og små, og er ein viktig kulturberar lokalt og regionalt. Vi vil takke for alle som stiller trufast opp på dugnad år etter år, lokalt næringsliv som støttar arrangementet og sist men ikkje minst Austrheim kommune for velvilje og økonomisk støtte.

Det er venta mykje folk til arrangementet, så vi ber om at ein parkerer på tilvist plass når ein kjem til området.

Det er gratis inngang med gratis veteranbuss som køyrer frå parkeringa ved Mastrevik Torg til Austrheimhallen.

Parkering ved Austrheim Brannstasjon og nord for Mastrevik Torg.

Artikkeltags