UKM i Gulen: – Ei oppleving for livet

I forkant av UKM i Gulen har ungdomsrådet arrangert UKM-workshops, der 26 born og ungdom har fått kurs innan dans, kunst, scenetryggleik og band.

I forkant av UKM i Gulen har ungdomsrådet arrangert UKM-workshops, der 26 born og ungdom har fått kurs innan dans, kunst, scenetryggleik og band. Foto:

Av

15. februar vert det arrangert UKM i Gulen i Dalsøyra samfunnshus.

DEL

Her kan ein sjå mange ungdommar i sving som har laga flotte kunstverk, og mange bra sceneinnslag. Det vil bli ein kjekk opplevelse for både publikum og deltakarar.

UKM står for Ung Kultur Møtest. Gulen Ungdomsråd saman med Gulen frivilligsentral er ansvarlege for arrangementet.

På UKM kan ein vise fram dei tinga ein likar drive med, prøve noko heilt nytt og ein blir kjent med andre ungdommar. Vi har fått påmeldinar med mykje forskjellig, blant anna kunst, dansing, synging, foto, konferansier, ung arrangør. Det er ungdommen som lagar til , arrangerer og gjennomfører UKM.

Ein kan bli plukka ut til å representere kommunen vidare i ei fylkesmønstring og deretter er det mulig å bli sendt videre til landsmønstringa.

Begge stader møter ein mange andre ungdommar med forskjellige talent, og kan knyte relasjonar til ungdom med same interesser som deg sjølv. Ein kan delta på workshops, opptre på ein stor scene eller delta i kunstutstillinga. I tillegg er det mykje sosialt, og du får vener for livet.

I forkant av UKM i Gulen har vi søkt stimuleringsmidlar og fått tildeleing slik at vi kunne arrangere UKM-workshops. Der har vi hatt 26 born og ungdom med. Dei har fått kurs innan dans, kunst, scenetryggleik og band.

No håpar vi å sjå att mange av desse på årets UKM, og vi håpar på eit stort publikum.

Artikkeltags