Kevin Vågenes redda Ole Bull Huset

Sølvi Rolland gliser etter suksessen med «Julegøy». Det viser seg at julerevyen med Kevin Vågenes i sentrum har vært med på å holde det private teaterhuset i sentrum oppe i et ellers så hardt 2018.

Sølvi Rolland gliser etter suksessen med «Julegøy». Det viser seg at julerevyen med Kevin Vågenes i sentrum har vært med på å holde det private teaterhuset i sentrum oppe i et ellers så hardt 2018. Foto:

51 forestillinger med «Julegøy» redda Ole Bull Huset frå å måtte seia opp tilsette. – Ei gåvepakke frå oven, seier Sølvi Rolland.

DEL

BA: Ein letta Sølvi Rolland pratar som ein foss i telefonen. Ho er letta fordi teaterhuset ho har drive i 14 år går inn i 2019 med hovudet over vatnet, med klar margin.

– Det har vore eit hardt år, seier dagleg leiar Rolland til BA.

Men no er det ikkje berre juletrea i Bergen sentrum som lyser opp i juleserien. Det gjer også omsetnadstala på Ole Bull Huset.

Tørr sommar

Utan «Julegøy» kunne det private teaterhuset gått inn i 2019 i motbakke. Slik vart det ikkje.

– Den varme og tørre sommaren fekk ikkje bergensaren til å sette seg ned framfor maskina og bestille teaterbilletter for hausten, fortel Sølvi Rolland openhjartleg.

Resultatet vart at Ole Bull fekk sin magraste haust på fleire år.

Suksess: «Julegøy» på Ole Bull Scene, med Kevin Vågenes, Christine Hope og fleire har hatt megasuksess. FOTO: OLE KRISTIAN OLSEN/OLE BULL SCENE

Suksess: «Julegøy» på Ole Bull Scene, med Kevin Vågenes, Christine Hope og fleire har hatt megasuksess. FOTO: OLE KRISTIAN OLSEN/OLE BULL SCENE

– Vi hadde i verste fall måtte seia opp folk og permittere fleire tilsette, fortel dagleg leiar til BA.

Ole Bull Huset sitt store gullkalv, «Julegøy», vart til etter ein idé av Sølvi Rolland sjølv. Sjefen sjølv fortel at suksessen har gitt absolutt meirsmak.

– Vi kjem nok til å produsera fleire show sjølv i framtida. Dette har vist seg å vere ein innertiar, seier Rolland.

Ho understrekar at Ole Bull Huset ikkje berre lever av show, men også har store inntekter frå mat og drikke frå resten av huset.

– Eg har 80 tilsette som står på kvar kveld. Det har også hatt betydning for vår suksess, seier sjefen om sine tilsette.


Ingen klagesong

Teaterhuset midt i sentrum er 100 prosent eigd og driven av Sølvi Rolland. Ho har ingen statleg støtte, og er dermed avhengig av såkalla «full pakke», som betyr at folk et, drikker og kjøper billettar.

Ho understrekar at dette ikkje er nokon klagesong.

– Dette er realitetane. Vi får ikkje statsstøtte for å driva teater. Difor er vi heilt og haldent avhengig av at folk kjem til oss. Når sommaren og våren var så varm som den var i år, så var folk meir opptatt av å grille enn å koma til oss eller bestille haustbillettane. Det fekk ein negativ dominoeffekt for oss, seier Rolland.

Teaterhusets tyngste tid på fleire år var dei fire månadene fram mot juleserien.

Ti millionar inn

Det var før Kevin Vågenes og resten av «Julegøy»-gjengen kom seglande på ein fjøl, og jula kunne endeleg komme til Ole Bull Huset også.

51 forestillinger fram til 17. januar gir ein bruttoinntekt på ti millionar kroner.

– Det seier seg sjølv at fleire enn vi tener pengar på denne megasuksessen, men det er heilt klart at «Julegøy» redda Ole Bull i år, seier Rolland.

Ho er over seg av begeistring for den suksessen Vågenes og kompani har dratt med seg.

– Dette har vore eventyrleg, seier dagleg leiar.

Kevin Vågenes er nesten i sjokk over den vanvitige suksessen «Julegøy» har hatt.

– Aldri i verda om eg trudde dette skulle få ein slik suksess, seier Vågenes til BA.

Han er på veg til Oslo, men skulle mykje heller vore her i Bergen.

Byrja med to show

Då planlegginga rundt «Julegøy» byrja, fortel Kevin Vågenes at dei planla to rundar.

– Så vart det fire og enda med 51. Det er heilt utruleg, seier mannen bak NRK-suksessen «Parterapi».

Håpet hans var at dei klarte å fylla ut to rundar med juleshowet.

– Så feil kan man ta, smiler Vågenes.

Komikaren skryt hemningslaust av heile Ole Bull Huset.

– Det har vore heilt fantastisk å arbeida der. Folka står på og er veldig entusiastisk, seier Vågenes.

Når siste runde av «Julegøy» er over i januar, drar komikaren tilbake til Los Angeles.

– Du dreg vel tilbake til USA med nok inntekt til å ha salt i grauten?

– Hehe, ja det kan ein definitivt si. Eg har pengar til flybillettane, både fram og tilbake, gliser Vågenes.

Satsar på Norge no

Den høgaktuelle komikaren set USA-satsinga litt på pause neste år.

– Eg kjem til å vere mykje i Norge framover. Det skjer så mykje her, mellom anna skal eg vere med på to TV-seriar neste år. Eg vil bruke den «driven» eg har her i Norge til å gjere masse her framover, seier Kevin Vågenes, som først ser fram til å vere i Bergen i januar for meir «Julegøy».

Men den populære komikaren frå Meland har på ingen måte planar om å gi slipp på USA-satsinga.

Norge står berre først i køen.

Artikkeltags